Skuffa over statsbudsjettet 2014


UiS får fire stipendiatar og 35 nye studieplassar i regjeringas forslag til statsbudsjett for neste år. Rektor Marit Boyesen merkar seg at dei nye universiteta fortsatt blir underprioriterte.

– Eg konstaterer at vi ikkje har fått gjennomslag for sakane som er viktigast for oss, og er spesielt skuffa når det gjeld stipendiatstillingar, seier ho.

Regjeringa foreslår å opprette 60 nye stipendiatstillingar innanfor teknologi/matematikk/naturvitskap og profesjonsfag.

– Dette er fagområde som Universitetet i Stavanger er store og gode på, likevel får me berre fire av desse stipendiatane, og berre ein innanfor teknologi. Dei nye universiteta blir fortsatt ikkje teke omsyn til, og det er skuffande, seier Boyesen. Ho håper den nye regjeringa eller stortinget kan endre på dette.

Vil ha bustadar
Boyesen er også misnøgd med at den ynskja kiropraktorutdanninga ikkje er tatt med i budsjettet.

– Regjeringa legg opp til bygging av 1300 studentbustadar neste år. Me venter at Stavanger vil få eit godt jafs av dette, i lys av den spesielt vanskelege bustadmarknaden i vår region, seier Boyesen.

Nokre lyspunkt fins likevel. Regjeringa vil etablere 417 nye studieplassar, 35 av desse på UiS. 10 av dei er øyremerka studiet i rettsvitskap mens 25 skal fordelast innanfor UiS’ femårige masterstudium i teknologi (sivilingeniør).

Meir til barnevern
Bachelor-studiet i barnevern er no oppjustert til ei høgare kategori, noko som vil seie 1,36 millionar kroner ekstra til studiet på UiS i 2014.

Regjeringa har også med i budsjettet at ordninga med gåveforsterkingsmidlar til forsking skal kome tilbake.

Elles var framlegget til statsbudsjett som forventa. UiS sin løyving frå staten neste år er rekna til 1.093,9 millionar kroner, ei vekst på 49 millionar frå 2013.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (14.10.2013)

Skriv ut artikkel print symbol