UiS Debatt: Kampen om velferds-Noreg


Mandag 26. august inviterer UiS Debatt, Stavanger Aftenblad og Folken til politisk debatt. Tema: Kva meiner eigentleg partia med velferdssamfunnet?

Politikarane Eirin Sund (Ap), Bent Høie (H) og Ketil Solvik-Olsen (Frp) møtast til valkampdebatt i Folken. Vi spør: Alle vil ha velferdssamfunnet, men kva vil dei med det?

Bakgrunn for debatten er at både høgre- og venstresida omfamnar den nordiske modellen, men legg ulikt innhald i omgrepet. Kva slags velferdssamfunn er det eigentleg veljarane vil få med dei ulike partia?

Først blir det innleiing av førsteamanuensis Ketil Knutsen ved UiS, som har forska mykje på temaet.

Deretter blir det paneldebatt med Sund, Høie (H) og Solvik-Olsen (Frp). Knutsen er også med i debatten, og etter kvart blir det også opna for innlegg og spørsmål frå salen. Tom Hetland frå Stavanger Aftenblad er ordstyrar.

Arrangør er UiS Debatt, eit samarbeid mellom Stavanger Aftenblad, Universitetet i Stavanger og Folken.

Debattmøtet opnar klokka 19.00. Det er gratis inngang og det blir også underhaldning av duoen Uppstad & Waage.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (23.08.2013)

Skriv ut artikkel print symbol
Plakat med tittelen "Kampen om velferds-Norge" og bilder av politikerne
Det vert politisk debatt på Folken mandag 26. august klokka 19.
Nyttige lenker

Nyttige lenker finner du på intranettet på denne sida

Du kan også legge til dine egen snarveier på intranettet fra forsida - sjekk "Mine lenker" øverst til venstre på forsida til intra.uis.no