Korleis laga dei eld i vikingtida? Og korleis laga dei kleda sine? I vår vikingkrok kan du prøve forskjellige aktivitetar som var ein del av dagleglivet i vikingtida.
I tillegg til vikingkroken bringar aktivitetsløypa deg gjennom vikingtidsutstillinga Utferd, frøutstillinga Gullkorn og basisutstillinga. Gjennom å følgje instruksjonane, vil du leggje merke til detaljar i utstillingane som ikkje alle får auge på.
Instruksjonane til aktivitetsløypa får du i resepsjonen. Når du er ferdig, får du ein liten premie.
Omvisingar om vikingtid
Om sumaren skjer det mykje på museet.
Sumarprogram fram til 18. august, gjeld kvar dag unntatt laurdagar:
Faste omvisingar i Utferd kl. 11, 12 (engelsk) og 13. Leik og idrett for born i museumshagen mellom kl. 11 og 15. Du kan gå til sverdkamp eller prøve kopiar av forhistoriske reiskapar. Vår tidsmaskin er også open mellom kl. 11 og 15. Den finn du i kjellaren på museet. Tidsmaskinen bringar deg til en steinaldarbuplass!
Opent: måndag-fredag 10-16, laurdag-sundag 11-16. Kafé og gåvebutikk.