Føredrag om utgravingane på Hove og Sørbø


12. mars kl. 18. 30 held arkeolog Even Bjørdal tysdagsføredraget «Høvdingsetet på Hove. Resultat frå utgravingane på Hove og Sørbø i Sandnes 2011 – 2012» på Arkeologisk museum.

Gullringar og importerte prestisjevarer frå 200−300-talet e.Kr. fortel om makt og høgstatus på høgdedraget aust om Ganddalen. Dei avdekka busetnadsspora og gravene vitnar om at Hove kan ha vore tilhaldsstad for ei høvdingætt med økonomisk og religiøs kontroll over lokalsamfunnet og med eit vidt kontaktnettverk, meiner arkeolog Even Bjørdal.

Føredraget er det nest siste tysdagsføredraget denne våren. Dei startar til fast tid kl. 18.30 og finn stad i auditoriet på museet. Fri entré.

Velkommen!


Sist oppdatert av Ida Gudjonsson (13.03.2013)

Skriv ut artikkel print symbol
Biletet viser landskåpet på Hove og arkeologane Sean Dexter Denham og Even Bjørdal som jobbar.
Arkeologane Sean Dexter Denham og Even Bjørdal i arbeid. Foto: Asbjørn Jensen
Nyttige lenker

Nyttige lenker finner du på intranettet på denne sida

Du kan også legge til dine egen snarveier på intranettet fra forsida - sjekk "Mine lenker" øverst til venstre på forsida til intra.uis.no