Eksternt utval stadfestar plagiat på UiS


Eit uavhengig undersøkingsutval har konkludert med at ein vitskapleg tilsett ved UiS har gjort seg skuldig i plagiat og brot på forskingsetikklova.

Utvalet slår fast at forskaren har brote reglane for forskingsetikk i fire av fem innklaga arbeider. Det dreier seg om plagiat frå oppgåver skrivne av fire ulike studentar. Dette blei klart på UiS sitt styremøte i dag.

Rektor og styreleiar Marit Boyesen ser saka som svært uheldig.

– Ein vitskapleg tilsett har brote universitetet sine retningsliner når det gjeld forskingsetikk, og ifølge utvalet også brote lova. Det er ei svært alvorleg sak, seier Boyesen.

Gransking
Saka starta i januar 2012, då ein tidlegare student tok kontakt med Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet ved UiS.

Studenten fortalde at rettleiaren hans hadde presentert sentrale deler av studenten si masteroppgåve som sitt eige verk. Det skal ha skjedd på ein konferanse i 2011.

Universitetet sette saka under gransking. Den 8. februar 2012 konkluderte forskingsetisk utval ved UiS at forskaren hadde gjort seg skuldig i plagiat, og at dette er eit klårt brot på det forskingsetiske regelverket.

Eksternt utval
Den 1. mars 2012 vedtok styret ved UiS eit forslag frå universitetsdirektøren om å sette ned eit eksternt granskingsutval.

Mandatet var å undersøke dei konkrete påstandane frå studenten, granske forskaren sine andre publikasjonar for å kartlegge omfanget av eventuell plagiat og til slutt konkludere om forskingsetikklova var blitt broten eller ei.

Sender saka vidare
Utvalets rapport vart i dag lagd fram for styret ved UiS, som konstaterer at prosedyren i denne saka har vore i tråd med offentlege lovar og reglar. Styret slutta seg til rapporten og konklusjonen og ber om at UiS vurderer kva personalmessige følgjer saka bør få.

Rapporten blir no sendt til Nasjonalt granskingsutval til orientering, slik praksis er i slike saker. Styret bad også om ei eiga sak om relevante, institusjonelle tiltak og forbetra opplæring i forskingsetiske retningsliner.

Den tilsette har etter forvaltningslova rett til å klage på styrets vedtak.


Sist oppdatert av Elin Nyberg (21.11.2013)

Skriv ut artikkel print symbol