Tidsreisa


Kvar sundag kl. 12 inviterer vi på ei reise gjennom forhistoria. Bli med på familietilbodet Tidsreisa på Arkeologisk museum!

Sjå eit meir enn 10 000 år gamalt isbjørnskjelett, funne på Finnøy. Stå andlet til andlet med Visteguten. Lytt til lyden frå bronselurane, sjå vakre smykke og farlege våpen. Høyr om soltilbeding i bronsealderen, vikinganes reiser og om då landet blei kristna.

«Reiseleiaren» tek deg med på ei reise frå steinalderen til middelalderen og du får prøve skarpe flintknivar, lage eld med eldstål, kjenne tyngda av ei vikingbrynje og sverd, skrive runer og endå meir!

Nyt kaffi og påsmurt i vår museumskafé. Gåvebutikken er open. Der sel vi mellom anna konfirmasjonsgåver – barberkniv til gut og flotte smykke til jente.

Opningstider: tysdag 11.00–20.00, onsdag – laurdag 11.00–15.00, sundag 11.00–16.00, måndag stengt.


Sist oppdatert av Ida Gudjonsson (29.04.2013)

Skriv ut artikkel print symbol
Jente spinn tråd
På sundag byr vi på mange aktivitetar. Du kan til dømes prøve å spinne tråd.
Ein vitskapleg utført rekonstruksjon av andletet til Visteguten.
Ein vitskapleg utført rekonstruksjon av andletet til Visteguten. På Arkeologisk museum kan du bli betre kjent med guten som levde i Svarthola for 7500 år sidan.
Isbjørnskjelett
For 10 600 år sidan hoppa denne isbjørnen frå isflak til isflak medan isen som hadde dekka store delar av Europa var i ferd med å smelte vekk.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER