Vitenskapsakademiet: "Kjønna i krise"


Vitenskapsakademiet i Stavanger inviterer til åpent møte i Arkeologisk museum 20. september. Litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl skal snakke om Hulda Garborgs syn på identitet, kjønn og kjærleik.

Sigrid Bø Grønstøl, litteraturforskar og forfattar, tidlegare førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Universitetet i Stavanger. Gir ut bok om Hulda Garborg på Aschehoug i haust. Tittel: Hulda Garborg. Forfattaren og feministen. Boka er ein studie av ideologien i Garborgs skjønnlitterære forfattarskap.

Foredraget "Kjønna i krise" handlar om Hulda Garborgs syn på identitet, kjønn og kjærleik. Inspirert av Rousseau og Nietzsche peika ho ut ein annan retning i kvinnesaka enn den som har ført fram til dagens likestillingssamfunn. Finst det gløymde verdiar i den vegen me ikkje tok?

Foredraget finn sted torsdag 20. september  kl 1900-2030 i Arkeologisk museum, Peter Klows gt. 30.


Sist oppdatert av Håkon Hapnes Strand (14.09.2012)

Skriv ut artikkel print symbol