Innovasjonspris til Biota Guard


Stavanger-selskapet Biota Guard har fått ONS’ innovasjonspris for deira biomarkør-teknologi i vatn. Selskapet er utvikla av IRIS og Prekubator.

Biota Guard sin teknologi går ut på å måle effekten av forureining i sjø mellom anna ved hjelp av hjerterytmen til blåskjel.

Ein dråpe olje i sjøvatnet får blåskjellets hjarte til å slå raskare. Sidan blåskjel har hjartet nært skalet, kan ein lime ein elektrode på skallet som kan måle hjarteslaga.

Vasskvalitet
Sensorane på blåskjellet kan også gjere andre fysiske, biologiske og kjemiske målingar som gir informasjon om kvaliteten på vatnet.

Desse blir så overført til ein datamaskin som kan sende signalet vidare via mobilnettet.

Overvåking
Teknologien kan nyttast til både overvåking av vassdrag, hamner og boring etter olje. Selskapet arbeider no med å utvikle teknologien vidare for bruk på havbotnen og i arktiske strøk.

Prekubator er UiS og IRIS si teknologioverføringseining. Her blir gode forskingsidear utvikla til innovasjonsprosjekt og forretningskonsept.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (05.09.2012)

Skriv ut artikkel print symbol
Foto av Inge Dragsund og Eirik Sønneland i Biota Guard som viser fram teknologien sin på ONS.  Foto: Biota Guard
Inge Dragsund og Eirik Sønneland i Biota Guard viste fram teknologien sin og vann pris på ONS. Foto: Biota Guard
Nyttige lenker

Nyttige lenker finner du på intranettet på denne sida

Du kan også legge til dine egen snarveier på intranettet fra forsida - sjekk "Mine lenker" øverst til venstre på forsida til intra.uis.no