Velkommen til offisiell semesteropning


Underhaldning ved Poor Edward og utdeling av Stavanger Forum sin formidlingspris til ein framifrå formidlar. Det er berre noko av det som står på programmet når UiS ynskjer nye og gamle studentar velkomne til semesteropning 13. august.

Stavangerbandet Poor Edward har høsta mange lovord for si viseinspirerte blanding av pop og rock.

Paul Chaffey, administrerande direktør i Abelia, held hovudtalen på semesteropninga.

Ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø, vil òg tala.

Rektor Marit Boyesen og direktør John B. Møst held velkomsttalar og leiar av StudentOrganisasjonen ved UiS (StOr), Håkon Ohren, ynskjer òg alle studentane velkomne til studieåret.

Formidlingsprisutdeling
Stavanger Forum sin Formidlingspris for 2012 vert delt ut på semesteropninga og det blir song av Stavanger Studentsongforening som vart grunnlagt i 1993 og som har faste konsertar i regi av UiS.

Seremonien finn stad i Tjodhallen i Kjølv Egelands hus tysdag 13. august frå klokka 10.00 til klokka 11.30.

Program

Prosesjon

Velkommen til UiS ved rektor Marit Boyesen

Velkommen til Stavanger ved ordførar Christine Sagen Helgø

Dagens hovudtale ved Paul Chaffey, administrerande direktør i Abelia

Studentane sin tale ved Håkon Ohren, leiar av StudentOrganisasjonen ved UiS (StOr)

Utdeling av Stavanger Forums Formidlingspris 2012 ved direktør Cornelius Middelthon
Nominerte til prisen er studentar og tilsette ved UiS.

Avslutning ved universitetsdirektør John B. Møst.

Underhaldning ved
Poor Edward
Stavanger Studentsangforening
Arne Skorpe Sjøen, Institutt for musikk og dans

 

Blir det fullt i Tjodhallen, kan du sjå velkomstseremonien her.


Sist oppdatert av Hildegard Nortvedt (13.08.2013)

Skriv ut artikkel print symbol