Nasjonalt rektormøte på UiS


Marit Boyesen var vertskap for Nasjonalt rektormøte i dag. Toppleiarane på alle åtte universitet var samla på Universitetet i Stavanger.

Målet med desse møta, som haldast med jamne mellomrom, er å diskutere viktige saker som er felles for universiteta i Noreg.

Denne gangen diskuterte rektorane mellom anna Forskingsmeldinga, fellesløftet i høve til Forskingsrådets frie prosjektstøtte (FRIPRO), samarbeidet mellom dei «gamle» og «nye» universiteta samt utdanning og forsking i Nordområda.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (22.06.2012)

Skriv ut artikkel print symbol
Foto av de åtte rektorane på Nasjonalt rektormøte 22. juni 2012.
Åtte universitetsrektorar samla i Stavanger: Fra venstre Torbjørn Digernes (NTNU), Torunn Lauvdal (UiA), Hans Fredrik Hoen (UMB), Marit Boyesen (UiS), Pål Pedersen (UiN), Berit Rokne (prorektor, UiB), Jarle Aarbakke (UiT) og Ole Petter Ottersen (UiO).

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER