Frå gravhaugen til Facebook


Internett har ein liknande funksjon som gravhaugen hadde i norrøn tid når det gjeld å minnast dei døde, meiner religionsforskar ved UiS, Anne Kalvig.

I norrøn tid hadde ein fysisk nærleik til døden ved at dei døde låg i gravhaugen ved garden. No har ein virtuell nærleik til dei døde gjennom sosiale media som Facebook.

– Facebook og eigne minnesider på nettet, særleg for døde barn, vert nytta som virtuell gravlund – ein stad ein kan dyrke minnet om dei døde, fortel Kalvig som er førsteamanuensis ved Institutt for kultur- og språkvitskap ved Universitetet i Stavanger (UiS).

I ein artikkel i tidsskriftet Kirke og Kultur samanliknar ho korleis dei døde vert minna i dag og korleis dei vart det i norrøn tid. I artikkelen ser Kalvig særleg på likskapar mellom dødekommunikasjon i norrøn tid og spiritistiske seansar og nyreligiøsitet i dag.

Som i norrøn tid søkjer ulike medium i dag òg kommunikasjon på tvers av tid og rom og mellom liv og død. Mange medium er også aktive på Facebook.

Dødsrike før og no
– Vikingane rekna med ei rad ulike dødsrike: Hos Hel, Odin, Frøya og Ran, i Helgafjell og i gravhaugen på garden. Dei levande praktiserte ulike former for dødekult for å gje dei døde fred, for å få velsigning og fruktbarheit frå dei og for å sikra minnet og kontinuiteten i slekta, fortel Kalvig.

I vår tid kan vi også tale om ulike dødsrike, meiner forskaren: På gravlunden, i himmelen i kristen tyding, i alle dei ulike rika og dimensjonane i dei andre religionane som er representerte her til lands, og i spritisme og tru på reinkarnasjon, i altet eller kosmos eller i ei åndeverd prega av medvit, kjærleik og lys, der sjelene til dei døde, åndene, har eit mellombels opphald før nye liv.

Eit siste tilskott er Internett som kvilestad og minnelund i form av minnesider på Facebook eller eigne, interaktive minnenettsider. At det er fleire «dødsrike» av ulikt slag ser ut til å vere uproblematisk for dei som minnast dei døde.

Spåkvinna i Voluspå
Kalvig har observert og analysert spiritistiske seansar og samanhalde analysane med analysar av norrøne tekstar frå den eldre Edda og sagalitteraturen.

Kunnskapen om livsoppfatninga til det norrøne mennesket er usikker, mellom anna fordi kjeldene er nedskrivne i kristen tid og særleg representerer dei øvste laga i samfunnet; krigararistokratiet.

Ei mannleg livsverd dominerer, sjølv om kvinner ofte er sterkt til stades i kjeldene, som i Voluspå, der ei spåkvinne – ei volve – fortel sjølvaste Odin om fortida, framtida, og om opphavet til skaparverket: «Det vil du, Valfader/ at vel eg fortel/ frå fyrndeheim/ det som fyrst eg minnest», seier volva til Odin.

Volva sin tilbakekomst?
Også i dag er det kvinnene som dominerer i kontakten med det overnaturlege og dei døde, meiner Kalvig.

– Spørsmålet er om dagens spiritisme er å likna med utprega familieorienterte kvinnesyslar som å lage minnebøker av scrapbook-typen eller om dei snarare kan forståast som volva sin tilbakekomst, seier Kalvig.

Ho peikar på likskapar mellom minneboka sine bordar, blomar og skjønnskrift til minne om fortidige hendingar og det forsonande innhaldet i dødeformidlinga i seansen: Dei døde fortel at dei har det godt, og dei vil at bodskapsmottakarane òg skal vera lukkelege. Mediet formidlar eit bodskap der tilgjeving, aksept og forsoning vert delt ut med rund hand.

Lengt etter å minnast
Begge aktivitetar peikar mot ein lengt etter å minnast og forløysast frå det som var vondt og stygt, meiner forskaren.

Når folk flokkar seg om medium som engelske Lisa Williams handlar det om underhaldning og big business, men også om sterke kjensler, lengslar og forventingar, og framfor alt om kommunikasjon – på tvers av tid og rom og mellom liv og død.

I så måte finn Kalvig likskapar med kommunikasjonen ein i norrøn tid betalte for å få frå den omreisande volva – som òg var kunnskap frå «den andre sida».

Varslar og teikn
Den mystiske volva eller spåkvinna i Voluspå, som veit meir enn gudane, har hatt sine jordiske representantar i kvinnene som blei kalla volver i det norrøne samfunnet. Dei kunne, sjå fortid og framtid og inn i dei andre verdene.

Dei kommuniserte med dei døde, og kunne tolka varslar og teikn frå vetter, alvar, diser, norner, fylgjer og andre makter som særleg høyrte til den delen av norrøn kult som desse kvinnene praktiserte. Dagens medium formidlar også kommunikasjon med døde og andre vesen. Dei tolkar varsel og finn tapte gjenstandar eller personar.

Religion som mangfaldig praksis
Kalvig fortel at dagens seansar òg har åndeleg, ritualisert praksis og standardformular.

Seansane følgjer eit typisk mønster og tar utgangspunkt i at dei døde er i ein dimensjon der kjærleiken, ofte namngjeven som Gud, rår. Nokre av dei døde seiest òg å vere hos oss som skytsenglar, eller dei kommuniserer via teikn og varsel.

– Dei som driv med det alternative kallar seg ofte åndelege snarare enn religiøse, men som forskar må ein sjå verksemda deira som religion. Men det er religion som mangfaldig praksis, ikkje som monoteistisk dogmetru, seier Kalvig.

Direkte parallellar
Kalvig finn direkte parallellar mellom volva i Voluspå som stadig spør, sjølvmedviten, frå podiet sitt, «Veit de nok, eller kva?» og eit medium som Lisa Williams.

– På ein storseanse eg deltok i, innleidde Williams seansedelen av showet sitt, til stor jubel og applaus frå publikum, med å ropa frå scena , på nesten perfekt norsk: «Vil du vit alt?!». Og mange vil tydelegvis vita «alt».

Alt som skal til for å knyta band mellom liv og død. Som tilhøyrar under seansar og som observatør av dei få utvalde sine reaksjonar og tårevåte glede over å få ei melding frå den andre sida, kan ein få inntrykk av at det ikkje alltid er så mykje som utgjer «alt» som trengst.

Tek åndeleg lengt på alvor
Men det var det kanskje heller ikkje før, trur forskaren som meiner denne forma for etablering av nye minne kan gje oss større forståing av vekselspelet mellom det religiøse og det sekulære, det som reknast som «overflatisk» og «djupt», og mellom dei levande og dei døde.

Kalvig peikar også på at det særleg er dødekommunikasjonsdelen av nyreligiøsiteten som har vekt harme i offentlegheita, fordi døden er ei så viktig grense i kristendommen.

– Men vi ser interessante forskyvingar her òg, med ei folkekyrkje som i større grad opnar seg opp for å ta folk si åndelege lengt på alvor og nå også tilbyr liturgi for å skapa fred i heimsøkte hus. Religion er og har alltid vore i endring, og både det å sjå bakover og det å sjå vidare omkring oss kan hjelpe oss til å forstå religion i dag, seier ho.

 


Sist oppdatert av Hildegard Nortvedt (18.06.2012)

Skriv ut artikkel print symbol
Portrett av Anne Kalvig der ho ser alvorleg inn i kamera.
KJENSLER: Når folk flokkar seg om medium som Lisa Williams dreiar det seg om underhaldning og big business, men òg om sterke kjensler, lengtar og forventingar, meiner Anne Kalvig. Foto: Elisabeth Tønnessen, UiS

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER