Lars Helle årets superlærar


Lærarstudentane ved UiS har kåra førstelektor i pedagogikk, Lars Helle, til årets superlærar 2012.

Det var Pedagogstudentane, ei avdeling av Utdanningsforbundet, som sto for kåringa.

Varierte undervisningsmetodar, motiverande undervisning og stor vilje til å ivareta og fylgja opp studentane har gjort Lars Helle til eit førebilete for studentane i deira framtidige yrke, heiter det i grunngjevinga for kåringa.
 

Pedagogstudentane grunngjev også prisen og tildelinga til Helle med at dei som utdannar lærarar skal gjera at studentane identifiserar seg med læraryrket og dette har Helle lykkast med.

Kåringa vart gjennomført ved at studentane først sendte inn namn på den dei mente var deira beste lærar. Deretter kunne studentane stemma på tre nominerte kandidatar. Her vann Helle, som også er kjend som krimforfattar, med langt over halvparten av stemmene.


Sist oppdatert av Elin Nyberg (23.05.2012)

Skriv ut artikkel print symbol
Lars Helle flankert av Linda Haukelid og Arnt Gunnar Johannesen i Pedagogstudentane. Dei to siste i Supermanndrakter.
Superlæraren: Lars Helle flankert av Linda Haukelid frå arbeidsutvalet i Pedagogstudentane sentralt og Arnt Gunnar Johannesen, lokallagsleiar i pedagogstudentane på UiS.
Nyttige lenker

Nyttige lenker finner du på intranettet på denne sida

Du kan også legge til dine egen snarveier på intranettet fra forsida - sjekk "Mine lenker" øverst til venstre på forsida til intra.uis.no