UiS Debatt er utsett


Det planlagde debattmøtet på Folken fredag kveld er utsett til hausten. Årsaka er at Bård Vegar Solhjell ikkje kan kome.

Solhjell var sett opp som sjølve hovudgjesten på UiS Debatt med si nye bok om den politiske venstresida. Men desse dagane har SV-politikaren eit hektisk program og stor pågang frå media.

Han har difor måtta kansellere si planlagde tur til Stavanger fredag ettermiddag.

Debatten hadde tittelen ”Kven eig fridomen?” og skulle ha inkludert Kristin Clemet, Svein Tuastad og Trond Birkedal.

Arrangementet er likevel ikkje avlyst for godt, men vil bli sett opp igjen ein gong til hausten.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (22.03.2012)

Skriv ut artikkel print symbol