Vellukka samarbeid


Aulaen ved Universitetet i Oslo var ei staseleg ramme rundt Internasjonaliseringskonferansen 2012, som samla rundt 450 personar frå norske universitet og høgskular.

Av: Tordis Marie Espeland, SIU

Konferansen omhandla koplinga mellom internasjonalisering av utdanning og arbeidsliv, og blant innleiarane var statsråd Tora Aasland, NHO-leiar John G. Bernander, leiar av Norsk studentunion Kim Kantardjiev og Cecilie B. Heuch, personaldirektør i Det norske Veritas.

Medan statsråden opna konferansen ved å slå fast at høgare utdanning i Noreg også i framtida skal vera gratis, la NHO-leiaren vekt på at arbeidstakarorganisasjonen ønskjer eit tettare samarbeid med universitet og høgskular for å bygga faglege alliansar til miljø med fagekspertise i andre land. Kantardjiev på si side etterlyste sterkare samfunnsansvar frå arbeidslivet, til dømes fleire stipendordningar, for å motivera studentar til å reisa ut og skaffa seg den typen fagleg kompetanse næringslivet har bruk for.

Visjonært verktøy
– Me er svært nøgde med samarbeidet mellom SIU og sektoren som har vore i forkant av konferansen, seier Alf Rasmussen, direktør ved Senter for internasjonalisering av utdanning.

I tillegg til NHH har alle universiteta delteke i planlegginga av dei to dagane i Oslo, der Universitetet i Oslo sto som teknisk arrangør.

– Me var også svært glade for at Oslo kommune inviterte konferansedeltakarane til mottaking i det staselege rådhuset torsdag kveld, seier direktøren. No ser han fram til
tilbakemeldingane frå årets konferanse, som vil danna grunnlaget for å vurdera om dette vert ein konferanse SIU skal halda kvart år.

– Me har som mål at internasjonaliseringskonferansen skal vera viktig både for å få relevant og viktig informasjon, ny kunnskap og ikkje minst som møtestad. SIU ønskjer at dette skal vera ein konferanse også for leiinga og vitskapleg tilsette ved universitet og høgskular, ikkje berre for dei som til dagleg jobbar med internasjonalisering, påpeiker SIU-direktøren.

– Eg ser fram til å få ris og ros frå deltakarane via evalueringsskjemaet. Slik kan me spissa konferansen til å bli eit nyttig og visjonært verktøy for internasjonaliseringsarbeidet innan høgare utdanning.

Klikk her for å gå til nettsida for konferansen. Her finn du presentasjonane i programmet nedst på sida.


Sist oppdatert av Bjarte Hoem (20.03.2012)

Skriv ut artikkel print symbol