UiS Debatt: Kven eig fridomen?


Har den politiske høgre- eller venstresida moralsk herredøme over fridomen? Det spørsmålet blir tema for UiS Debatt i Folken tirsdag 28. august klokka 19.00.

I den nye boka ”Solidaritet på ny” av parlamentarisk leiar i SV, Bård Vegar Solhjell, hevder Solhjell at venstresida er ei fridomsrørsle. Solhjell argumenterer for at venstresida er vel så liberal som høgresida.

Dette synspunktet vil venteleg bli utfordra av Kristin Clemet frå tankesmia Civita, når ho møter Solhjell til debatt i Folken.

Alle liberale?
Solhjells påstandar kan bringe tankane tilbake til Einar Førdes utsegn om at vi alle er sosialdemokratar: Er det i dag heller slik at vi alle er liberale, og i så fall, kvifor denne forandringa?

Og selv om kanskje alle vil vere liberale, er dei det i den faktiske politikken? Kva betyr det å vere liberal og å føre fridomspolitkk i norsk politikk i dag?

Birkedal og Tuastad
I tillegg til hovudtalarane Solhjell og Clemet vil også førsteamanuensis Svein Tuastad ved UiS og Trond Birkedal, student i statsvitskap ved UiS, ta del i debatten.

Per Henning Uppstad og Odd Ragnar Waade Ommundsen vil stå for eit "melankomisk" innslag som ei innleiing til debatten.

Sjefredaktør Lars Helle i Stavanger Aftenblad skal leie ordskiftet.

Arrangementet er ope og gratis.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (27.08.2012)

Skriv ut artikkel print symbol
Portrett av Bård Vegar Solhjell, som kjem til Folken for å debattera fridomsomgrepet.
Bård Vegar Solhjell lanserte tidlegare i år ein ny bok. Slikt blir det debatt av - i Folken tirsdag 28. august.
Portrettfoto av Kristin Clemet, som deltek i UiS Debatt på Folken tirsdag 28.8. Foto: Civita
Kristin Clemet fra Civita tek diskusjonen om frihetsbegrepet på Folken. Foto: Civita

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER