UiS-historikarar skriv historia om Vindafjord


Vindafjord kommune har gitt Universitetet i Stavanger oppdraget med å skrive kommunen si historie.

Historieverket vil bestå av til saman tre bind og skal fullførast i løpet av 2017. Kommunane Vindafjord og Ølen kommune vart samanslegne til Vindafjord kommune frå 1. januar 2006. Vindafjord kommune har rundt 8300 innbyggarar. Bygdebøkene skal ta føre seg historia til Vikebygd, Sandeid og Vikedal, som utgjer tre av dei åtte bygdene i kommunen.

- Verket skal fortelje historia om gardsbruk i bygdene og familiane som har budd der tilbake til 1600-talet, basert på mellom anna kyrkjebøker, retts- og skjøteprotokollar. Me skal skrive om forholdet mellom folk og ressursar, og ta for oss tema som barnedødelegheit, giftemålsmønster, levealder og andre demografiske og historiske problemstillingar. Forutan dette vil me gi ei oppsummering av arkeologiske funn, fortel prosjektleiar Nils Olav Østrem, som er professor ved Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk ved UiS.

Seglskuter og festivalar
I Vikedal var bygging av seglskuter lenge ei stor næring. Diktaren Jens Zetlitz var prest i bygda og bidrog til å gjere opplysningstanken sterk i bondesamfunnet. I dag er Vikedal mest kjend som festivalbygda i kommunen, med ei rekkje musikkfestivalar gjennom sommarhalvåret. Sandeid har historie som ei typisk jordbruksbygd og var frå gamalt eit knutepunkt for ferdsel. Vikebygd ligg idyllisk til ved Ålfjorden og vert omtalt som perla i Vindafjord. Staden var tidlegare ein del av Ølen kommune.

Historieprosjektet for Vindafjord har ei kostnadsramme på 8,25 mill. kroner. Over nyttår skal det tilsetjast ein historikar til å skriva busetnadshistoria og ein historikar til å ta seg av befolkningshistoria for Vikebygd, Sandeid og Vikedal.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (16.01.2012)

Skriv ut artikkel print symbol