Lydopptak av bokpresentasjon med Bjørn Olav Roaldseth


Bjørn Olav Roaldseth presenterte si bok "Filosofisk tenkning gjennom dialog" 29. november, med Bjørn Knut Alfsvåg som kommentator. Presentasjonen blei teken opp, så dersom du gjekk glipp av han, eller vil høyre han om att, er dette mogleg.

I boka han har gjeve ut dette året presenterer Bjørn Olav Roaldseth filosofihistoria gjennom ein dialog mellom to studentar og forelesaren deira. Å bruke dialog på denne måten er noko som har gått igjen gjennom filosofihistoria, og Roaldseth si bok er både ei lærebok i filosofi og ein presentasjon av dialogen som metode. Han las eit stykke av boka høgt for publikum for å vise korleis filosofisk dialog blir brukt i praksis.

Knut Alfsvåg, professor ved Misjonshøgskolen, kom med sakleg kritikk av boka. Han fann mykje å glede seg over i ho, men hadde og enkelte innvendingar. Dette førte til ein særs engasjerandre samtale, både mellom forfattar og kommentator, og mellom desse to og publikum. Hovudinnlegg og samtale mellom Roaldseth og Alfsvåg vart teke opp, og kan høyrast i Youtube og iTunesU.


Podcast i Youtube
Du kan høyre presentasjonen ved å klikke på biletet under her.





iTunes
Presentasjonen er og tilgjengeleg for lytting og nedlasting i iTunesU. Klikk her for å kome til ei oversikt over dei bokpresentasjonane bibliotek har lagt ut. Klikk så på nummeret til den presentasjonen du vil høyre.


          
     
     


Sist oppdatert av John David Didriksen (08.12.2011)

Skriv ut artikkel print symbol