Regionalt Forskningsfond Vestlandet lyser ut forprosjektmidler


Regionalt forskingsfond Vestlandet lyser ut inntil kr. 850.000,- til gjennomføring av eitt regionalt kvalifiseringsprosjekt knytt til Innovasjon i offentleg sektor. Nb. SØKNADSFRIST 5. desember 2011

Bakgrunn og mål
Kommunane vil i åra framover stå overfor store utfordringar med behov for nye og innovative løysingar. Regionalt
forskingsfond Vestlandet ønskjer derfor å auke fokuset på forskingsbaserte innovasjons- og utviklingsprosessar i
offentleg sektor med særleg vekt på dei store kommunale tenesteområda innan helse- og omsorgtenester og skule.
Hovudmål med prosjektet er å bidra til at kommunane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane kjem i betre
posisjon til å nyttiggjere seg forsking som drivar i eige innovasjonsarbeid og at dei ser seg tent med å vere søkjar til
Regionalt forskingsfond og andre ordningar for finansiering av forsking.

Tematisk fokus - Kompetansemekling i kommunal sektor
Regionalt forskingsfond Vestlandet har gjennom dei første søknadsrundane erfart at det mellom kommunal sektor og
forskingsmiljøa i mange tilfelle er liten gjensidig kunnskap om ressursar og behov. Skal ein nå målet om meir forsking
i kommunal sektor må dette verte betra.

På denne bakgrunn skal desse hovudoppoppgåvene løysast i prosjektet:

  • å gå i dialog med kommunane i fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane for å avklare forskingsbehov og forskingsinteresse. Det er ein føresetnad at ein først kartlegger kva tilgrensande initiativ som er satt i gang i regi av aktørar i regionen eller nasjonalt
  • å gjennom dialogen kunne peike på relevante forskingsmiljø og eventuelt knyte desse til prosessar i
  • kommunal sektor
  • å dokumentere erfaringane frå dialogen med kommunane gjennom ein rapport som omhandlar arbeidsprosessen samt avdekka behov for forsking i kommunal sektor/potensielle samarbeid mellom forskingsmiljø og kommunal sektor.
  • Prosjektansvarleg/prosjektleiar må rekne med å gje undervegsrapportar og drøfte framdrifta i prosjektet med ei referansegruppe sett saman av Regionalt forskingsfond Vestlandet.

Arbeidet skal gjennomførast innan ramma av 12 månader frå prosjektstart – forventa 1. februar 2012.

For meir informasjon og søknadsprosedyre, sjå www.regionaleforskningsfond.no/vestlandet

Ta gjerne kontakt med Karoline Høibo i Forskningssekretariatet dersom du har spørsmål eller treng hjelp med ein søknad.


 


Sist oppdatert av Karoline Høibo (21.11.2011)

Skriv ut artikkel print symbol