Lydopptak av bokpresentasjon med Per Dahl


Per Dahl presenterte si nye bok "Verkanalysen som fortolkningsmetode" 1. november, med Bjørn Kvalsvik Nicolaysen som kommentator. Presentasjonen blei teken opp, så dersom du gjekk glipp av han, eller vil høyre han om att, er dette mogleg.

Per Dahl legg stor vekt på å finne fram til ein ny metode for verkanalyse i si nye bok. Han vil at verkanalysen skal bli mindre avhengig av notar, og leggje meir vekt på andre delar av musikkopplevinga. Under presentasjonen 1. november delte han denne visjonen med publikum, med stor forteljarglede og fagkunnskap.

Desse eigenskapane manglar det heller ikke på hjå dagens kommentator Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, så det vart ein spanande og engasjerandre samtale mellom desse to etter at dei begge hadde avlevert sine hovudinnlegg. Alt dette vart teke opp, og kan høyrast på Youtube og i iTunesU.


Podcast på Youtube
Du kan høyre presentasjonen ved å klikke på biletet under her.





iTunes
Presentasjonen er og tilgjengeleg for lytting og nedlasting i iTunesU. Klikk her for å kome til ei oversikt over dei bokpresentasjonane bibliotek har lagt ut. Klikk så på nummeret til den presentasjonen du vil høyre.


          
     
     


Sist oppdatert av John David Didriksen (09.11.2011)

Skriv ut artikkel print symbol