UiS Debatt: Er sosiale medium ein trussel mot demokratiet?


Tre av Noregs skarpaste kommentatorar av sosiale medium stiller til debatt i Folken torsdag 29. september.

Den rivande utviklinga i medielandskapet skaper mange store spørsmål:

  • Kva skjer med papiravisene når alle er på Facebook?
  • Må vi lære oss å leve med kloakken frå nettdebattane?
  • Er sosiale medium usosiale og apolitiske, eller fremmer dei politisk engasjement og retorisk medborgarskap?
  • Kva bør staten gjere for å sikre eit levande demokrati i den digitale framtida?
  • Kva er forskjellen på den arabiske våren og den skandinaviske hausten?

Digitale ekspertar
Desse og andre spørsmål er aktuelle når UiS Debatt inviterer til opent møte på Folken. Kveldens forskarvert er Jan Inge Reilstad ved Institutt for kultur- og språkvitskap, UiS.

Sven Egil Omdal er hovudinnleiar. Omdal er medievitar og journalist, ikkje minst kjend for sine skarpe analyser under vignetten ”Medieblikk” i laurdagsutgåva av Stavanger Aftenblad.

Etter Omdals innleiing skal Jill Walker Rettberg kommentere. Ho er professor i digital kultur ved Universitetet i Bergen og forfatter av den internasjonalt anerkjente Blogging.

Open debatt
Deretter får Kjell Lars Berge ordet. Han er professor ved Universiteta i Oslo og Stavanger, med tekstvitskap og retorikk som forskingsfelt, samt medforfattar av bokverket Norsk presses historie.

Etterpå vert det opna for debatt, med meiningsytringar og spørsmål frå salen. Alle interesserte er velkomne, og det er gratis inngang.

Arrangementet går føre seg på Folken i tidsrommet 19.00 - 20.30.

Viktige samfunnsspørsmål
UiS Debatt er Universitetet i Stavanger sitt offisielle diskusjonsforum og vert arrangert i samarbeid med Stavanger Aftenblad.
Dette arrangementet er samstundes ein del av programmet til .

Etableringa av UiS Debatt er eit uttrykk for at universitetet vil engasjere seg enda meir i viktige samfunnsspørsmål. UiS satsar på formidling av forsking, og alle debattane på Folken skal være forankra i fagmiljø ved Universitetet i Stavanger.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (21.09.2011)

Skriv ut artikkel print symbol