Dansestudentar i stor jærframsyning


Bli med til heis og sjå dansestudentane ved Universitetet i Stavanger i ei storoppsetjing av Arne Garborgs Haugtussa i Knudaheio. Stykket blir spela torsdag 1. til sundag 4. september, alle dagar kl. 18.00.

Framsyninga er eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger og Time kommune, og aktørane er musikk- og dansestudentar frå Institutt for musikk og dans i Bjergsted, saman med lokale krefter. Sigve Bø, Rita Heigre og Gerd Elin Birkeland har dei berande rollene. Musikken er av Bjørn Morten Christophersen. Koreograf er Siri Dybwik, og regien er ved Hallgjerd Byrkjeland. Camilla E. Ystanes er produsent.

Prøveperioden til dansarane starta i juni. Allereie ei veke før studiestart i haust var studentane på plass igjen for å jobbe med dans og koreografi.

- Ein unik sjanse for studentane
Førsteamanuensis Dag Jostein Nordaker ved Institutt for musikk og dans ved UiS fortel at heile tredjeårskullet på dans deltek i produksjonen. Ei av hovudpersonane, Gerd Elin Birkeland, er dessutan fjerdeårsstudent ved UiS. Koreografien har eit moderne uttrykk og er laga av førsteamanuensis Siri Dybwik.

- For studentane er dette ein unik og lærerik sjanse til å få utvida repertoaret. Ei flott erfaring å ta med vidare. Dei får sjansen til å jobbe i ein stor og profesjonell produksjon med mange profesjonsgrupper involverte. Framsyninga skjer utandørs ved Knudaheio og er ein blanding av teater, musikk og dans. Regissør Hallgjerd Byrkjeland har gjort flotte og annleis grep. Publikum blir ført frå stad til stad, der det heile tida skjer noko nytt i naturen, forklarer Nordaker, som lover at framsyninga blir ei stor oppleving for publikum uansett vær.

Teatervandring i landskapet
Diktsyklusen Haugtussa er utgangspunkt for ei dramatisk og poetisk teatervandring i landskapet rundt Knudaheio, diktaren si sommarstove på Jæren. Det var i det miljøet Garborg tenkte seg forteljinga om Veslemøy, "den purunge jenta som opplever og lever ut den store kjærleiken ei kort stund, for så å bli sviken og fullstendig knust".

Heilt sidan verket kom ut i 1895 har det vore til inspirasjon for kunstnarar innan mange felt - m.a. Edvard Grieg som med sin songsyklus Haugtussa har gitt eit vakkert bidrag til den norske songskatten.

Stykket blir spela torsdag 1. til og med sundag 4. september 2011. Førestillingane begynner klokka 18.00, og varer om lag halvannan time.

Billettar kan kjøpast på www.storstova.com, tlf 51481410, eller på Time kommune sitt servicetorg, post@time.kommune.no , tlf 51776000. Rabatt med Aftenbladkort. Inntil fire billetter per husstand.

NB: Det tek om lag 20 minutt å gå frå P-plassen til spelestaden
 


Sist oppdatert av (31.08.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete frå framsyninga
I kulturhovudstadsåret 2008 trekte Haugtussavandringa mange gjester til heiane ved Knudaheio for å oppleva Arne Garborg si dikting, song og dans i autentiske og vakre omgjevnader. No blir det ein ny sjanse.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER