Debatt om Høgre i Folken


UiS Debatt inviterer til valdebatt i Folken, torsdag 25. august kl. 19.00. Tema er ”Høgre sin hemmelegheit. Kvifor er Høgre så populære i Stavanger?”.

Hovudinnleiar er statsvitar Hilmar Rommetvedt (UiS). I panelet sit Stavanger-ordførar Leif Johan Sevland (H), tidlegare statsråd Gunnar Berge (Ap) og tidlegare stortingspolitikar Eilef A. Meland (SV).

Ordstyrar er journalist Harald Birkevold i Stavanger Aftenblad.

Ønskjer kritisk debatt
Førsteamanuensis Svein Tuastad ved UiS er forskarvert for debatten. Han håpar på ein kritisk debatt, og at partiet sine framtidsutsiktar kjem på dagsorden.

- Høgre har hatt ordførarvervet i Stavanger i fire valperiodar, og Stavanger Høgre har blitt eit omgrep i norsk partipolitikk. I løpet av desse åra har det skjedd store ting i Stavanger. Partiet tar til dømes æra for at Stavanger er oljehovudstad. Men har dei grunn til det eller er dei først og fremst flinke til å selje seg sjølve? Og vil populariteten vare når Sevland gir seg som ordførar?, spør Tuastad.

UiS og Aftenbladet
UiS Debatt er Universitetet i Stavanger sitt offisielle diskusjonsforum. Debattane blir arrangerte i samarbeid med Stavanger Aftenblad.

Etableringa av UiS Debatt er eit uttrykk for at universitetet vil engasjere seg enda meir i viktige samfunnsspørsmål. UiS satsar på formidling av forsking, og alle debattane på Folken skal vere forankra i fagmiljø ved Universitetet i Stavanger.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (26.04.2013)

Skriv ut artikkel print symbol