Jaktar på nordiske identitetar


Forskarar ved Universitetet i Stavanger samarbeider med kollegaer i Frankrike, Belgia og Nederland om å forske på kva nordisk identitet inneber i dag.

Forskinga er organisert i nettverket Representations, Identities and Memories in NORthern Europe (RIM-Nor). Hovudtemaet deira er identitet, kulturarv og minner rundt Nordsjøen.

UiS har gjennom dei siste åra etablert eit bredt og aktivt miljø innan minnestudiar. Historikarar, religionsvitarar, litteraturvitarar, arkeologar og kunsthistorikarar går saman om å forske på korleis fortida blir opplevd i samtida.

Tverrfagleg forsking
Førsteamanuensis Alexandre Dessingué ved Institutt for kultur- og språkvitskap leiar programområdet Memory Studies (MemS) ved UiS, og deltek i RIM-Nor saman med forskarar frå Lille i Frankrike, Belgia og Nederland. Han fortel at målet med nettverket er å sjå på heile Nordsjø-området i eit tverrfagleg perspektiv for å analysere korleis identiteten og nord-omgrepet har endra seg.

- Me forskar på det kollektive medvitet og det kollektive minnet . For å gjere dette må vi klargjere historia frå ulike vinklar. Minner er dynamiske prosessar som inneheld både hukommelse og gløymsle. Nettopp kva vi hugsar eller gløymer kan til dømes få politiske konsekvensar, og spele ei stor rolle i utviklinga av identiteten vår. Sjølv om prosjekta våre har historiske prov i botn, finn alle forskarane sin plass i denne minneforskinga, seier Dessingué.

To land, tre språk
Historieprofessor Odile Parsis frå Universite Lille har vært med på utviklinga av RIM-Nor. Nyleg var ho på UiS for å planleggje nye forskingsprosjekt.

- Eit delprosjekt er å studere identiteten i det tidlegare Flandern-området, som i dag består av to land med tre språk. Få av dei som bur i området forstår i dag flamsk, men dei har mykje av den same identiteten, uavhengig av nasjonalitet. Eit viktig spørsmål er nord som omgrep, og analysere bruken i dei aktuelle landa. Me er opptekne av kultur og korleis historie kan påverke identitetsproblematikken, forklarar ho.

Parsis opplys at institusjonane no ser på korleis dei kan utvikle felles framtidige studietilbod og kurs, mellom anna gjennom Erasmus Mundus.

Ny utvekslingsplattform
RIM-Nor-nettverket har laga ei heimeside som skal fungere som ein utvekslingsplattform for alle forskarar som er opptekne av framstillingsproblematikk og historie i Nord-Europa. Formålet med nettsida er å rapportere pågåande forskingsprosjekt og relevante publikasjonar. Her kan ein også informasjon om diverse konferansar (call for paper), kurs og seminar.

Besøk heimesida til RIM-Nor

 


Sist oppdatert av (01.07.2011)

Skriv ut artikkel print symbol