Forskingsrådet støttar tre nye prosjekt


To nye forskingsprosjekt, eit om kommersialisering av forskingsbaserte idear og eit om regional innovasjon, har fått 3 og 7,8 millionar frå Forskingsrådet. Eit anna prosjekt som nyleg har fått støtte er Safer@Home. Det har blitt tildelt 10 millionar.

Målet for Safer@Home er å utvikle smarte, nettbaserte velferds- og omsorgstenester for heimen. Tenestene skal rette seg særskild mot eldre og skal bidra til ein enklare og tryggare kvardag.

Eigar av prosjektet er selskapet Altibox. Chunming Rong, professor i IKT ved UiS, er prosjektleiar. I tillegg deltek DevoTeam, VS-Safety, SINTEF, Cisco, Stavanger kommune, Helse Vest og Lærdal Medical og SAFER (Stavanger Acute Medicine Foundation for Education and Research). Prosjektet har fått rundt 10 millionar i støtte frå Forskingsrådet. Totalbudsjettet er på 28 millionar kroner. Prosjektet skal starte opp til hausten.


Entreprenørskap i akademia
Prosjektet ”Academic entrepreneurship – from university research to implementation and commercialization of innovations – a comparative study” har også fått støtte frå Forskingsrådet. Som ein del av studien skal forskarar samanlikne modellar for kommersialisering av forskingsbaserte idear ved universitet i Noreg, Sverige, Finland, Storbritannia og USA.


Partnarar
Eigar av prosjektet om entreprenørskap i akademia er Universitetet i Tromsø (UiT) og prosjektleiar er professor Lene Foss ved UiT. Frå Senter for innovasjonsforsking ved Universitetet i Stavanger/IRIS deltek professor og senterleiar Ragnar Tveterås og førsteamanuensis Tatiana A. Iakovleva. Dei andre institusjonane som deltek i prosjektet er: Chalmers University of Technology, Kingston University London, Kymenlaakso University of Applied Sciences, New York University - Stern School of Business og University of Texas at Austin. Prosjektet har fått 3 millionar kroner gjennom Forskingsrådet sitt program Kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken (FORFI).


Regional innovasjon i ei global verd
Forskingsleiar Martin Gjelsvik og seniorforskar Rune Fitjar ved IRIS (International Research Institute of Stavanger) og Iakovleva og Tveterås har fått tilslag på sin søknad til Forskingsrådet sitt program DEMOSREG (Demokrati, styring og regionalitet).

Forskingsprosjektet "Capabilities for regional innovation in a globalizing world" har fått 7,8 millionar i støtte. Forskarane skal sjå på korleis den regionale innovasjonsevna blir påverka av at verdikjedene til verksemder blir internasjonalisert. IRIS og Senter for innovasjonsforsking skal byggje opp ein unik database som gjer det mogleg å knyte saman informasjon frå ulike dataregister. I denne samanheng vil det snart bli lyst ut ei stipendiatstilling.

– Databasen vil gjere det mogleg å studere nye problemstillingar knytte til innovasjon. Vi forventar at innovasjonsmiljøet ved UiS og IRIS vil bli styrkt vesentleg som følgje av det, seier Gjelsvik.
 


Sist oppdatert av (07.06.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Chunming Rong
Målet for prosjektet Safer@Home er å utvikle nettbaserte tenester som skal gi eldre ein tryggare og enklare kvardag. Chunming Rong er prosjektleiar og selskapet Altibox eig prosjektet.
Tatiana A. Iakovleva
Tatiana A. Iakovleva deltek i eit nytt prosjekt om kommersialisering av forskingsbaserte idear.
Martin Gjelsvik
Martin Gjelsvik skal forske på regional innovasjon.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER