Ein million til samarbeid med HSH


Kunnskapsdepartementet støttar samarbeidet mellom Universitetet i Stavanger og Høgskolen Stord/Haugesund med ein million kronar.

Det går fram av ei pressemelding frå departementet i dag.

I alt 27,9 millionar kronar er fordelt til ulike samarbeidsprosjekt for å auke kvaliteten innan høgre utdanning. Fire millionar går til SAK (Samarbeid-Arbeidsdeling-Konsentrasjon)  i ingeniørutdanninga, resten er løyvingar til konkrete samarbeidsprosjekt.

I den samanhengen har Kunnskapsdepartementet merka seg samtalane om nærare samarbeid som går føre seg mellom UiS og HSH. Ein million kronar skal bidra til utvikling av samarbeidet.

– Det er mange spennande og viktige samarbeidsprosjekt på gang, og eg er glad for å kunne støtte opp under desse med ekstra midlar, seier statsråd Tora Aasland i pressemeldinga frå KD.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (24.05.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Portrett av Tora Aasland
Minister for forsking og høgre utdanning, Tora Aasland, gir 27,9 millionar kroner til samarbeid mellom universitet og høgskular.
Nyttige lenker

Nyttige lenker finner du på intranettet på denne sida

Du kan også legge til dine egen snarveier på intranettet fra forsida - sjekk "Mine lenker" øverst til venstre på forsida til intra.uis.no