Send inn forslag til kandidatar til Forskningsrådets prisar


Forskingsmiljøa inviterast no til å sende inn forslag til kandidatar til Forskingsrådets pris for framifrå forsking og Forskingsrådets formidlingspris. Enkeltpersonar kan òg fremje kandidatar.

Forskingsrådet deler årleg ut tre prisar til forskarar: Prisen for framifrå forsking, Formidlingsprisen og Forskingsrådets innovasjonspris.

Forskingsmiljøa inviterast no til å sende inn forslag til kandidatar. Forslag sendes til Forskingsrådet i papirpost. Forslaget må være fyldig begrunna og dokumentert. Frist for å sende inn forslag er 24. juni 2011.

Forskingsrådets pris for framifrå forsking
Forskingsrådets pris for framifrå forsking skal lønne høg kvalitet i forsking, nasjonalt og internasjonalt. Prisen blir gitt på grunnlag av dokumenterte resultat, og skal vere ein inspirasjon til vidare innsats. Prisen femner alle fag og disiplinar, inkludert tverrfaglege miljø. Både enkeltpersonar og grupper av personar kan tildelast prisen. Prisen er på 1 million kroner og bronseskulpturen "Liggende Møbius" av Aase Texmon Rygh.

Forskingsrådets formidlingspris
Forskingsrådets formidlingspris blir gitt til ein forskar som har utmerkt seg med levande og nyskapande kommunikasjon av høg kvalitet frå eige fagfelt. Alle typar formidling i alle typar medium, og både langvarig innsats og enkeltståande tiltak, kan premierast. Formidlinga skal vere allmennretta.

Ein kan gi prisen både for langvarig innsats og for enkeltståande tiltak, men det blir lagt vekt på den evna kandidaten har til å vere kreativ og nyskapande. Ein kan gi prisen for aktivitetar knytte både til pågåande eller avslutta forsking. Formidlingsprisen kan dessutan bli gitt til ein person som har gjort ein særleg innsats for å fremje norsk forsking og kva forskinga har å seie for samfunnet. Prisen er på 250 000 kroner.

Meir informasjon på Forskingsrådets sine nettsider.

 

 


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (13.05.2011)

Skriv ut artikkel print symbol