Anne Kalvig held foredrag om alternativ terapi


Universitetslektor Anne Kalvig ved UiS held foredrag onsdag 11. mai 2011, kl. 18.00 i Arkeologisk museum, kafeen.

Alternativ terapi – mytar og mangfald

I dette foredraget presenterer Anne Kalvig døme på menneske- og livssyn hos alternative terapeutar frå sitt doktorgradsarbeid innan religionsvitskap. Ho sett i dette foredraget også fokus på ein del tilbakevendande (medie)representasjonar av alternativ terapi og alternativ spiritualitet, og gjev ei kritisk drøfting av desse. Stemmer det at alternativ spiritualitet best kan tolkast som uttrykk for hyperindividualisme og kommersialisme? Korleis har forskinga på feltet vurdert alternativitetsfenomenet, og korleis kan feltkunnskap nyansera eller korrigera eksisterande faglege og mediale framstillingar og vurderingar?”
 


Sist oppdatert av (09.05.2011)

Skriv ut artikkel print symbol