Turismetidsskrift frå UiS populært


Tidsskriftet Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism (SJHT) er i vinden om dagen. - Tilstrømminga av nye manus aukar, og i større grad enn før ser vi at det er fleire forskarar utanfor Norden som ønskjer å publisere hos oss, seier redaksjonssjef Trude Furunes ved Norsk hotellhøgskole ved UiS.

Medan andre tidsskrift gjerne slit med reduserte abonnementsinntekter som følgje av finanskrisa, har forlaget Routledge, som gir ut Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism, faste salsavtalar med institusjonar og bibliotek. For UiS-tidsskriftet har talet på salsavtalar dobla seg frå 2008 til 2009. 

Tidsskriftet har dermed fått eit større nedslagsfelt, med over 19 700 fulltekst-nedlastingar i 2009. Veksten i nedlastingar frå 2008 til 2009 var på 43 prosent. 

- Vi reiknar med at veksten vil halde fram, seier Furunes, som også trur årsaka til at tidsskriftet er i vinden skuldast auka tilgjengelegheit gjennom databasar på nettet.

Ny publiseringsstøtte
I fjor blei Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism inkludert i Thomson Reuter’s Social Sciences Citation Index. Den første rankinga viser at tidsskriftet ligg som nummer 14 i tidsskriftskategorien Hospitality, Leisure, Sport and Tourism, med ein såkalla "impact factor" på 0.763 for 2009.

- Vi jobbar hardt for å oppretthalde høg kvalitet og for å nå ut til fleire lesarar, slik at siteringsgraden kan gå opp. Vi har eit mål om å bli nummer ti. Høgare er det nok vanskeleg å kome når vi er eit nisjetidsskrift med regionalt fokus, seier Furunes.

Tidsskriftet har også, for fjerde året på rad, fått tildelt støtte frå Nordisk publiseringsnemnd for humanistisk og samfunnsvitskapleg forsking (NOS-HS). Publikasjonsstøtta for 2011 er på 10 000 euro, og er blitt tildelt etter anbefaling frå ein ekstern evalueringskomité. 

I evalueringa skriv ein av dei eksterne fagfellene ”Overall, I would describe the quality of the publications I have read, which were in my own line of research as well‐written, interesting, and of a high quality. Indeed, I would argue that they have generally been on apar with articles appearing in the so‐called flagship tourism journals like Tourism Management and the Annals of Tourism Research”.

- Denne støtta er tildelt etter strenge krav og er ei viktig anerkjenning. Så vi er glade for å få publiseringsstøtte også for 2011, seier Furunes.
 
Skandinavisk samarbeidsprosjekt
i fjor feira tidsskriftet sitt 10-års jubileum etter at det blei starta av tilsette i fagstaben ved Norsk hotellhøgskole i 2001 og med middel frå Høgskolen sitt universitetsfond. Heilt sidan første årgang har tidsskriftet blitt gitt ut av det anerkjente forlaget Routledge, Taylor & Francis Group. 

På grunn av den auka tilstrømminga av manuskript og auka arbeidsmengde har tidsskriftet no fått endå ein medredaktør. Redaktørstaben består dermed av Reidar J. Mykletun og Jan Vidar Haukeland ved Norsk hotellhøgskole, som har vore med sidan oppstarten, samt Anette Therkelsen ved Aalborgs Universitet i Danmark og Erika Andersson Cederholm ved Lunds Universitet i Sverige.
 
- Tidsskriftet er eit skandinavisk samarbeidsprosjekt, og det er viktig at dette også er reflektert i redaksjonen sin samansetting. På denne måten er også Aalborg Universitetet og Lunds Universitet med på å styrke framtida til tidsskriftet, seier professor Reidar J. Mykletun.

Les mer om Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism
Les også: Turismetidsskrift jubilerer
 


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (13.12.2016)

Skriv ut artikkel print symbol
POPULÆRT TIDSSKRIFT: - Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism er det einaste turismetidsskriftet i Norden som er engelskspråkleg. Og abonnentane er frå heile verda, fortel Trude Furunes og Reidar Mykletun ved Norsk hotellhøgskole ved UiS.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER