SAIH etablert ved UiS


SAIH er studentane og akademikarane i Noreg sin eigen solidaritets- og bistandsorganisasjon. No er SAIH etablert ved Universitetet i Stavanger med lokallag – og gjennom SAIH-tiaren.

Det var masterstudenten Bjørn Harald Lye som sjølv tok initiativ og i haust ringde til SAIH sentralt for å seie at han kunne etablere eit lokallag ved UiS. Han meinte det var flaut at universitetet ikkje var medlem.

SAIH arbeider med utdanningsbistand, informasjon og politisk påverknad. Organisasjonen støtter lokale organisasjonars prosjekt innan høgare utdanning, forsking og opplæring i det sørlege Afrika og Latin-Amerika. SAIH arbeider særskild med Zimbabwe, Sør-Afrika, Zambia, Bolivia og Nicaragua.

– Det er fort gjort for oss å gløyme det som skjer utanfor Noreg. Akademikarar og studentar i dei landa som SAIH støtter, opplev ein heilt anna verkelegheit enn oss. Vi kan engasjere oss og ytre oss som vi vil. Dette er ikkje sjølvsagt i andre land, fortel Lye.

Han tek ein master i hotell- og reiseliv og har i mange år vore engasjert i internasjonalt arbeid ved institusjonen, både gjennom International Student Union, Internasjonal dag og diverse arrangement.

Vedteke tiarordninga
Universitetet i Stavanger har lenge vore det einaste universitetet i landet utan tiarordninga. Dette er ei ordning kor studentdemokratia på dei ulike lærestadene i Noreg som er medlem av SAIH, kan velje å leggje til SAIH-tiarane på semesteravgifta som eit friviljug bidrag.

No har Studentparlamentet ved UiS nyleg vedteke ordninga. Det vil seie at studentane kan – om dei vil – leggje til 40 kroner når dei betaler semesteravgifta. Då går 20 kroner til SAIH og 20 kroner til UiS Aid.

– Eg er utroleg stolt over at vi på UiS har Noregs mest solidariske studentar. Studentane ved UiO betaler tretti kroner i dag. På UiS går vi altså eit skritt lenger og støtter både ein nasjonal og ein lokal studentdrive solidaritetsorganisasjon, sa StOr-leiar Haug Nystad ifølgje Studentmediene i Stavanger etter at vedtaket vart fatta 2. mars.

SAIH fyller 50 år
18. november 1961 vart SAIH stifta. Då vart SAIH oppretta som ein del av Norsk Studentsambands (NSS) anti-apartheidengasjement. Studentanes solidaritet med studentar og ungdom i Sør er framleis drivkrafta bak SAIHs arbeid. I 2011 feirar altså organisasjonen 50 år, men først og fremst skal SAIH i 2011 spesielt rette fokus mot kvifor utdanning er så viktig for utvikling.

Les bloggen til SAIHs lokallag.


 


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (21.03.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Bjørn Harald Lye. SAIH. Foto: Eilin Sandsmark.
SAIH i STAVANGER: Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond har fått eit lokkallag i Stavanger. Det blir leia av Bjørn Harald Lye. I ein eigen blogg skriv han om SAIH-aktivitetar sentralt og lokalt.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER