Forskning.no er på UiS


Forskning.no, Nordens største kanal for forskingsformidling på nett, har denne veka lokalkontor i Stavanger. Akkurat no har dei gjort SiS bokkafé på UiS til redaksjonslokale, der dei skriv artiklar og møter forskarar.

– Dette er utroleg spanande. Vi reknar med å bli godt kjend med Universitetet i Stavanger i løpet av desse dagane, seier redaktør Nina Kristiansen.

Nettstaden Forskning.no er eigd av nesten 70 medlemsinstitusjonar, deriblant UiS. Heile 10 000 menneske er innom nettstaden dagleg, og i snitt lesast 25 000 artiklar om kunnskap og forsking kvar dag.

Startar i Stavanger
Redaksjonen sit i Oslo, men ynskjer å få betre kontakt med fagmiljø andre stader i landet. Difor har dei bede om å få vitje andre universitetsbyar.

– Vi starta i Stavanger fordi vi har godt samarbeid med UiS. Dei leverer mange saker av høg kvalitet til oss. I løpet av uka håper eg vi får mange nye, spanande kjelder, seier Kristiansen.

Bloggar
I samarbeid med Strategi- og kommunikasjonsavdelinga har ho invitert forskarar til å stikke innom Bokkafeen i Kjølv Egelands hus for ein prat. I tillegg til å skrive artiklar og møte forskarar, skal redaksjonen blogge om opphaldet.

Der sit ho saman med fire kollegar: Per Byhring, Hanne Jakobsen, Bjørnar Kjensli og Marianne Nordahl. Måndag til onsdag held redaksjonen til på campus Ullandhaug, torsdag vitjar dei IRIS og fredag skal dei boltra seg på Arkeologisk museum.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (21.03.2011)

Skriv ut artikkel print symbol