Strategi og styring i høgare utdanning


Univers kjem i dag ut i eit mindre format enn før, og med ein ny grafisk design. Innhaldet i dette nummeret er via tema strategi og styring i høgare utdanning. Bladet inneheld også ei rekkje gode forskingssaker, både om kvinner i pressehistoria, misjonshistorie og skjelettforsking på Arkeologisk museum.

Endringane i det nye Univers er først og fremst av layoutmessig karakter, men omfanget av sjølve magasinet er vorte mindre, det er færre sider og noko mindre format.

– Vi ønskjer med dette å effektivisere produksjonen samtidig som vi vil lage eit endå betre produkt, seier strategi- og kommunikasjonsdirektør Anne Selnes. Ho er ansvarleg redaktør for eksternmagasinet som kjem ut fire gong i året.

Det er den grafiske designaren på Arkeologisk museum Ingund Svendsen som har stått bak den grafiske oppussinga av magasinet. Selnes håper hamskiftet fell i smak hjå dei eksterne lesarane.  

Les pdf-utgåva av magasinet.  

Strategi og styring
Temadelen for dette nummeret tek for seg den vanskelege balansegangen mellom departemental styring og institusjonane sin eigen strategi. Forskar Bjørn Stensaker i Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning meiner regjeringas politikk gjev ein sterkare standardisering i sektoren, trass i at intensjonane er det motsette.

Universitetsdirektør ved UiS Per Ramvi meiner UiS er tent med mindre detaljstyring og meir dialog om strategi med departementet. Statsråd Tora Aasland meiner på si side at departementet er på god veg til å finne ein god balanse mellom departementets føringar og institusjonane sin eigen styring.

Usynlege kvinner
Kvinnene har vore usynlege i norsk pressehistorie. Heller ikkje i dag er det snakk om full likestilling, trass i at fleirtalet av journaliststudentane er kvinner. Univers har intervjua pressehistorikar Else-Beth Roalsø ved UiS. Ho har forska på kvinners inntog i pressa og kan seie noko om kva dei kvinnelege pionerane innan pressearbeid skreiv om, og korleis kvinnene sin inntog i pressa har skjedd.

I tillegg kjem sjefsredaktørane Trine Eilertsen i Bergens Tidene og Kaia Storvik i Dagsavisen begge med forklaringar på kvifor likestillinga går treigt i bransjen.

Skjelettfunn analyserast
Arkeologisk museum har det siste året arbeidd med 15 000 beinfragment frå skjeletta funne under Domkyrkja i Stavanger. Skjeletta har no vorte sette saman på Arkeologisk museum og skal framover gje oss meir informasjon om kven som budde her før Domkyrkja vart bygd.

Skattkammer for forskarar
– Trua speler ei større rolle i vår historie enn det vi er vant til å tenkje på, seier historieprofessor Roald Berg ved UiS til Univers.

UiS-forskarar og forskarar frå Misjonshøgskulen i Stavanger har henta fram dokument frå Misjonsarkivet for å få ei betre forståing av misjonshistoria så vel som norsk historie. Dette er eit prosjekt som også involverer forskarar frå Sør-Afrika og Madagaskar.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (04.03.2013)

Skriv ut artikkel print symbol