UiS opnar dørene på Åpen dag


Tysdag 15. mars arrangerer UiS Åpen dag. Då kjem 2000 elevar frå vidaregåande skuler til campus for å oppleve eit yrande liv av foredrag, laboratoriebesøk og ulike aktivitetar.

Om du ønskjer å bli lærar, sjukepleier, ingeniør eller noko heilt anna, så er Åpen dag ein gyllen moglegheit til å bli kjend med studietilboda ved Universitetet i Stavanger. Avgangselevar frå vidaregåande skuler i regionen er spesielt invitert, men absolutt alle som vil, kan kome for å få meir kjennskap til kva det er UiS held på med.

Alle utdanningsområda ved UiS har stands i ulike bygg på campus denne dagen. Frå klokka 08.30 til 14.00 er det fullt program. Les utfyllande program.

Ein flora av foredrag
Er du interessert i historie, språk eller religion kan du ta ei utdanning ved Institutt for kultur og språkvitskap. Tilsette på instituttet kan til dømes gje deg god informasjon om moglegheitene du har ved å utdanne deg til lektor.

Eit av foredraga i Kjølv Egelands hus har tittelen: ”1000 grunnar til å bli ingeniør”. Her får du om ikkje ein grundig gjennomgang av alle dei tusen grunnane, så i alle høve mange gode grunnar til å verte ingeniør. Om det er realfag ein er mest nysgjerrig på, så vil doktorgradsstudent Siri Kalvig halda eit foredrag om kreftene frå vind og bølgjer.

Elles kan du få med deg foredrag med titlar som ”Å jobbe for å kunne ha det gøy”, ”Det økonomiske blikket”, ”Å studere politikk” og ”Har Sandnes arkitektur, eller har de bare hus?”.

Laboratorium og simulering
I tillegg til ei rekkje foredrag vil det også bli vist ein prislønna kortfilm ”Helt kongle”. Den er laga av studentar som har teke ein bachelor i fjernsyns- og multimedieproduksjon. Du kan også nytte høvet til å få ei omvisning i produksjonslokala til medieutdanninga ved UiS.

Studentar og interesserte kan også få med seg laboratorievandringar, til dømes i datagrafikklaboratoriet eller kanskje ein demonstrasjon av ei avansert simuleringsdukke i sjukepleierlaboratoriet freistar meir?

Fleire andre aktivitetar kan ein oppleve om ein vel å oppsøkje idrettsfaga og SiS Sportssenter.

Forventar liv og røre
Markedsrådgjevar André Sæbø i strategi- og kommunikasjonsavdelinga ved UiS forventar mykje liv på campus denne dagen.

– Dette er det største rekrutteringsarrangementet vi har her på campus og arrangementet involverer heile UiS. Både fagmiljøa og studentane er engasjerte og gler seg til å vise fram både studietilbod og tilbodet som finst utanom studia, fortel Sæbø.

Han kan notere seg at nærmare 2000 vidaregåande-elevar er påmelde.

– Dette blir ein kjempedag der nysgjerrige kan få svar på dei spørsmåla dei måtte ha om UiS og høgare utdanning. Dette er også ein unik moglegheit til å vise fram den flotte campusen vår, avsluttar Sæbø.
 


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (10.03.2011)

Skriv ut artikkel print symbol