Skal trygge dei eldre i Noreg


UiS-professor Karina Aase og hennar forskargruppe har fått til saman sju millionar kroner til forsking på kvalitet og sikkerheit i eldreomsorg. 4,7 millionar kjem frå Noregs Forskingsråd og 2,3 millionar frå Helse Vest.

– Prosjektet fokuserer på behandling, pleie og omsorg av eldre som ofte har behov for ulike helsetenester. Vi vil studere moglege risikoar i ulike typar overføringar og samhandling i helsetenestene, og korleis kvalitet og sikkerheit blir teken i vare i overføringa av pasientar, seier Karina Aase, som er professor i pasientsikkerheit ved UiS.

Auka fare for svikt
– Samhandling mellom ulike tenester og nivå er eit område med fare for svikt. Vi ser ut ifrå eksisterande internasjonal forsking at pasientovergangar, der ansvar for pasient eller brukar skal overførast frå ein stad til ein annan, kan føre med seg ei fare for uønska hendingar, seier Aase.

Det kan til dømes gjelde overgangar frå sjukehus til sjukeheim eller frå sjukeheim til heim.

– Slike overgangar byr på utfordringar, blant anna knytt til informasjonsoverføring. Viktig informasjon som gjeld symptom, medikament, behandling og oppfølging skal følgje med pasienten, seier Aase.

– Samstundes legg norske myndigheiter opp til endringar i overføringa av pasientar gjennom Samhandlingsreforma. Nye typar overføringar kan oppstå, og desse har i liten grad vore gjenstand for risikovurderingar, seier UiS-professoren.

Forskarteamet skal identifisere kritiske faktorar og synleggjere kjenneteikn på god overføring og samhandling, samt føreslå, implementere og evaluere tiltak for å ta i vare kvalitet og sikkerheit i overførings- og samhandlingsprosessar innan eldrefeltet.

Hard konkurranse
Det er gjennom programmet Helseomsorg i Forskingsrådet at Aase og forskargruppa har fått pengar til forskingsprosjektet, som altså har fått tittelen “Quality and safety within elderly health and care services – the role of transitions and interactions ”.

– Det har vore vanskeleg å nå opp i konkurransen om støtte til helsetenesteforsking i Forskingsrådet, spesielt sidan sikkerheitsforsking representerer eitt nytt tema. Så dette er ein milepæl, seier Aase.

Ho understrekar vidare at støtta frå Helse Vest viser at pasientsikkerheit og samhandling er eit viktig satsings- og prioriteringsområde for helseføretaka framover.

I prosjektet skal postdoktor Marianne Storm og stipendiat Kristin Alstveit Laugaland forske saman med Aase. I tillegg skal det tilsettast endå ein stipendiat i prosjektet.

Forskarane ved UiS skal samarbeide med Regionalt Senter for Eldremedisin og Samhandling i Stavanger, Helse Førde og ei internasjonal forskargruppe leia av professor Paul Barach ved Universitet i Utrecht, Nederland. Professor Barach leiar frå før eit stort EU-prosjekt knytt til pasientsikkerheit i overgangar mellom spesialisthelseteneste og primærhelseteneste.

Prosjektet, som også er knytt opp til forskargruppa si deltaking i EU-prosjektet QUASER, har ei tidsramme på litt over fire år.

Les også:
Bedre helsetjenester i Europa
Til innsats for sårbare liv


Sist oppdatert av Silje Stangeland (28.02.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Hand som gir støtte (Foto: iStock)
FORSKING PÅ ELDREOMSORG: Forskarar frå UiS skal forske på kvalitet og sikkerheit i eldreomsorg med særleg fokus på overgangar som frå sjukehus til sjukeheim og frå sjukeheim til heim. (Foto: iStock)
UiS-professor Karina Aase
VIL SJÅ PÅ OVERGANGAR: – Samhandling mellom ulike tenester og nivå er eit område med fare for svikt, seier Karina Aase, professor i pasientsikkerheit ved UiS.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER