Festivalleiarar til konferanse på UiS


Onsdag 9. februar samlast festivalleiarar frå små og store festivalar til konferanse på Universitetet i Stavanger. Tema for dagen er sponsing, bruk av sosiale media og korleis festivalar er med å utvikle lokalsamfunn.

- Vi får besøk av anerkjente professor Donald Getz, som verdskjent for si forsking på festivalar. Getz skal presentere si forsking på sponsing av festivalar, fortel Reidar J. Mykletun ved Norsk hotellhøgskole ved UiS, som er prosjektleiar for konferansen.

Donald Getz, som tidligare var tilsett ved Calgary University, er no professor II ved Norsk Hotellhøgskole ved UiS.

I tillegg skal Hans Øyvind Sagen, som er kjent for sitt arbeid med sponsing av Viking, presentere sponsing frå ein praktisk synsvinkel og dele av sine erfaringar.

Bruk av sosiale media
Heine Birkeland og John Rullestad frå Skudeneshavn Internasjonale Litteratur og Kulturfestival (SILK), og Heidi Netland Berge frå Gladmatfestivalen, vil presentere sine erfaringar med nye sosiale media og korleis sosiale media kan vere ein viktig verktøykasse for festivalleiarar.

Fyrsteamanuensis Robert Petersson frå Midt-Sveriges Universitet vil så halde eit innlegg om korleis du kan bruke digitale media til å kartleggje kor festivaldeltakarane beveger seg på eit større festivalområde og kva for opplevingar dei får.

Målgruppa for festivalen, som i år blir arrangert for femte år på rad, er dei som arrangerar og leiar festivalane, og i nokre høve handlar det òg om eigarane.

Nykommaren Rått & Råde
- Eit anna spennande tema for dagen handlar om festivalar og utvikling av lokalsamfunnet. Dagleg leiar av rockefestivalen Rått & Råde, Julia Joner, vil presentere festivalen som ein nykommar som skal sette Stavanger på kartet som ein by med eigen rockefestival, fortel Mykletun.

- I tillegg skal Heidi Jeanette Nygaard frå Region Stavanger diskutere korleis festivalar kan vere eit virkemiddel i utviklinga av ein region, med utgangspunkt i si eiga erfaring frå utvikling av arrangementsindustrien i Stavangerregionen, seier UiS-professoren.

Han håper det kjem like mange til festivalleiarkonferansen i år som i fjor. Då var det over 100 påmeldte til konferansen, som blir arrangert av Rogaland Festivalforum og støtta av Nordic Innovation Centre (NICe).

- Festivallleiarkonferansen er ein ypparleg møteplass med moglegheit for idéutveksling og knyting av kontaktar, seier han.

Konferansen finn stad i Ellen og Aksel Lunds hus på Universitetet i Stavanger, rom EAL 317, frå klokka 13 til 19 onsdag 9. februar.

Konferansen har inga deltakaravgift.

Påmelding på e-post til reidar.j.mykletun@uis.no

Sjå heile programmet her

Les også:
Rekordmange med på festivalleiarkonferanse


Sist oppdatert av Silje Stangeland (07.02.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
UiS-professor Reidar Mykletun
BREITT PROGRAM: UiS-professor og prosjektleiar for den årlege festivalleiar-konferansen, Reidar J. Mykletun, er glad for å kunne presentere eit breitt program med tema som bruk av sosiale media, sponsing og festivalars betydning for lokalsamfunn.
Ein skikkeleg leiar. Biletet er frå Ryfylkedagane på Sand. (Foto: Ryfylke Livsgnist)
FESTIVALLEIARAR SKAL SAMLAST: Ein skikkeleg leiar. Biletet er frå Ryfylkedagane på Sand. (Foto: Ryfylke Livsgnist)

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER