Nytt internasjonalt kontor ved UiS


I dag starta Universitetet i Stavanger opp eit eige internasjonalt kontor. Etableringa skal styrkje arbeidet med internasjonalisering av utdanning ved UiS.

Kontoret skal gi studentar og tilsette betre service og rådgjeving om mobilitet, samarbeidspartnarar og utvikling av samarbeidsprosjekt med andre universitet.

Synleggjere kompetanse
– Den nye organiseringa i eitt kontor vil føre til betre utnytting av personalressursane våre, samt gjere støttefunksjonen meir synleg. Sentraliseringa vil føre til at vi kan yte betre service for studentar, tilsette og eksterne målgrupper. Vi gjer kompetansen meir synleg og dei tilsette på kontoret kan følgje viktige prosessar i alle fasar, seier Bjarte Hoem.

Han er leiar av kontoret, som organisatorisk sorterer under Utdanningsavdelinga.

Tre saksfelt
Internasjonalt kontor skal hovudsakleg arbeide med tre sortar saker:

  • Fakultetstenester knytt til prosjektutvikling, utvikling av mobilitet i studieprogram og oppfølging av utdanningspolitikk
  • Studentmobilitet for alle utreisande studentar og handsaming av samarbeidsavtaler med utanlandske universitet
  • Studentmobilitet for alle innreisande studentar og marknadsføring av studietilbod

Internasjonal dimensjon
Alle studentrelaterte tenester vil bli samla i 1. etasje i Arne Rettedals hus.

Etableringa skal styrkje den internasjonale dimensjon av universitetets utdanningsverksemd og er et resultat av en prosess med vurderingar av behov frå alle einingar på UiS.

– Søkinga til UiS frå utlandet og innslaget av internasjonale studentar har aldri vært større. Studentundersøkingar viser at internasjonale studentar trivs godt på UiS. Likevel har både departementet og universitetet sjølve eit ynskje om at UiS skal bli endå betre. Studentmobiliteten skal vidare opp, og det må leggast til rette for å auke talet på utreisande studentar, seier Hoem.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (01.02.2011)

Skriv ut artikkel print symbol