Lydopptak av bokpresentasjon med Arild Aurvåg Farsund og Einar Leknes


Arild Aurvåg Farsund og Einar Leknes presenterte boka "Norske byregioner" på tysdag, med kommentar frå politikarane Christine Sagen Helgø og Cecilie Bjelland. Presentasjonen blei teken opp, så dersom du gjekk glipp av han, eller vil høyre han om att, er dette no mogleg.

Forskerane Arild Aurvåg Farsund og Einar Leknes frå IRIS gav ein presentasjon av det dei hadde kome fram til i boka "Norske byregioner-utviklingstrekk og styringsutfordringer".  I boka tar dei for seg utviklingstrekk og styringsutfordringar knytta til byregionane Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand og Tromsø. Boka rettar særskild fokus på oppveksten av det dei kaller for "styringsnettverk" knytta til byplanlegging, infrastruktur og næringsutvikling. Dette er organisasjonar som strekkjer seg over kommunegrensene slik som IVAR, Lyse og byplankontoret. Boka tek opp korleis den demokratiske styringa av desse organa blir organisert når dei strekkjer seg over fleire kommunar.

Politikarane Christine Sagen Helgø (H) og Cecilie Bjelland (Ap) frå Stavanger har lese boka. Dei er einige om at utviklinga på Nord-Jæren stort sett har gått bra. Cecilie Bjelland meiner ein kanskje bør oppretta eit nytt kommunalstyre for eigaroppfølging og næringsutvikling, og at kollektivløysinga på næringsområdet Forus ikkje er tilfredsstillande. Christine Sagen Helgø seier at nettverket Forus Næringspark bør vurderast flytta over på private hender, og at ein storkommune vil vere eit betre verktøy for styring av arealer, ikkje minst bustadbygging 


Podcast
Du kan høyre presentasjonen ved å klikke på lenkja under. Presentasjonen med kommentarar varer i ca. 52 minuttar.

HØYR BOKPRESENTASJONEN HER


iTunes
Presentasjonen er og tilgjengeleg for lytting og nedlasting i iTunesU. Klikk her for å koma til ei oversikt over dei bokpresentasjonane bibliotek har lagt ut, og klikk på "View in iTunes". Du kjem då inn i iTunes. Klikk på nummeret til den presentasjonen du vil høyre på (som på biletet under), då starter han. 

     


Sist oppdatert av John David Didriksen (13.01.2011)

Skriv ut artikkel print symbol