UiS Volley feira på campus


I dag blei cupgullet til UiS Volley markert på campus. Prorektor Egil Gabrielsen tok i mot pokalen og lova å byggje ut premieskapet om nødvendig.

Det var laurdag kveld at jentene i UiS Volley tok kongepokalen etter ein hard finalekamp mot Oslo Volley. I dag var dei tilbake i Stavanger for å bli heidra på campus Ullandhaug.

Prorektor Egil Gabrielsen tok i mot pokalen. Den skal setjast i premieskapet som blei kjøpt inn då UiS Volley vann seriemeisterskapen i fjor.

Stolt
– Det er stort for meg å halde i denne pokalen, som eg har sett på tv mange gonger. Me på universitetet er stolte av dykk, sa Gabrielsen.

Formelt sett er UiS Volley ikkje ein del av Universitetet i Stavanger, men dei er registrert som eit studentidrettslag. Fleire av spelarane studerer ved UiS og ambisjonane er å ha heimebane på Ullandhaug. Prorektor Gabrielsen er glad for at Noregs beste kvinnelag i volleyball ber universitetet sitt navn.

Plass til meir
– Dette er god merkevarebygging for oss, sa han, før spelarane blei æra med kvar sin bukett blomster.

Dagleg leiar i UiS Volley, Dag Myrestrand, lova at laget skal fortsetje å vere i toppen, og i tillegg bli sterkare internasjonalt. Målet er å kome tilbake med fleire trofear.

– Det er ut som om premieskapet held eit par år til, spøkte Myrestrand, og fekk svar frå prorektoren.

– Kanskje vi må byggje i høgda. Sjølv om vi har dårleg råd, skal det ikkje stå på skapplassen, sa Egil Gabrielsen.


 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (10.01.2011)

Skriv ut artikkel print symbol