– Treng eit teknologisk taktskifte


Sjefane på Ullandhaug går i bresjen for å skape nye løysingar for ein bransje med fallande kurve.

Med Åm-rapporten i ryggen deler Oljedirektoratet og forskingsmiljøa på Ullandhaug ei klar oppfatning: Det hastar med å utvikle ny teknologi for petroleumssektoren slik at vi dei neste åra kan auke utvinninga av olje og gass på dei felta som allereie er i drift. Direktør i Oljedirektoratet Bente Nyland, administrerande direktør Anna Aabø ved International Research Institute of Stavanger (IRIS) og rektor Aslaug Mikkelsen ved Universitetet i Stavanger meiner selskapa må vere ivrigare etter å ta i bruk ny teknologi.

– I dag vil meir enn halvparten av oljen bli liggjande igjen i dei produserande felta dersom vi stengjer dei ned etter dagens planar. Dette meiner vi ikkje er godt nok. Forskingsmiljøa har utvikla ny teknologi for å auke utvinninga, men han må prøvast ut på feltet i pilotprosjekt, seier Bente Nyland.

Oljedirektøren peikar på at selskapa til no har produsert den oljen som var lettast å finne og lettast å produsere. Dei komande oljefata kjem det til å krevje meir avansert teknologi å produsere.

– Vi treng eit teknologisk taktskifte. No må selskapa vere med på å utvikle betre og meir kostnadseffektive løysingar for å produsere små funn lønsamt, også funn som ligg langt unna eksisterande infrastruktur. Dette kjem blant anna til å krevje løysingar for fleirfasetransport over lange avstandar. På Snøhvit, for eksempel, blir brønnstraumen transportert i røyr over 160 kilometer. I framtida vil det vere behov for transport over endå lengre strekningar, seier Nyland.

Betre boreløysingar
Bente Nyland meiner at næringa framleis manglar den gode teknologien som gjer det lett å vedlikehalde havbotnbrønnar og auke produksjonen. Administrerande direktør ved IRIS er samd.

– Det hastar med å finne nye og betre måtar å bore ein brønn på. Det ser vi kvar dag i Nordsjøen: Operatørane klarer ikkje å bore dei brønnane dei må. Kanskje har selskapa gått seg litt fast med dagens teknologi, som har blitt svært kostbar. Vi må rett og slett tenkje nytt, seier Anna Aabø.

Ho meiner den teknologiutviklinga som skjer no, kan vere med på å endre heile boreindustrien, blant anna takka vere dei mange teknologiselskapa som utviklar nye løysingar. Ho viser òg til at fagmiljø ved IRIS, UiS, NTNU og SINTEF etablerer eit senter for boring, brønnteknologi og utvinning.

– Vi er i ferd med å få teknologisk gjennombrot på fleire avanserte boreløysingar som gjer det mogleg på sikt å nå reservar som i dag ikkje er tilgjengelege. Automatisering av boreprosessen, nye teknologiske idear som blir utvikla til dømes av selskapa ReelWell, Seabed Rig og WeST Group, og ikkje minst IRIS-idéane, Hole in One Producer og Badger Explorer, er teknologi som opnar opp for ein heilt ny utvikling av boreindustrien, som kan nyttast på eksisterande og nye felt. Vekta ligg på brønnar som er billegare, sikrare og meir miljøvennlege, fortel Aabø.

Kutt i sektoren
Med så mykje spanande teknologi på gang skulle IRIS-direktøren gjerne sett at regjeringa ikkje kutta i løyvingane til petroleumsforsking og pilotutvikling. I forslaget til statsbudsjettet får Petromaks-programmet for maksimal utnytting av oljeressursane eit kutt på 4,9 millionar kroner for 2011, og Demo2000, som skal bidra til å kommersialisere ny teknologi, får eit kutt på 1,4 millionar kroner.

Satsar på realfag
Forskarar ved UiS og IRIS er langt framme internasjonalt når det gjeld løysingar for å få ut meir olje frå kalkfelt. Forskinga i dette miljøet har bidrege til at utvinninga på Ekofisk har fått ein auke som er verd mange hundre millionar kroner.

– Å auke utvinninga av olje i kalkfelt er ein spisskompetanse ved UiS. Meir forsking på betre utvinning av olje er viktig i ein overgangsperiode til eit meir karbonfritt samfunn, seier Aslaug Mikkelsen.

Universitetsrektoren legg òg vekt på behovet for relevant utdanning og kompetent arbeidskraft. Som eit aktuelt supplement til eit breitt studietilbod innan olje- og oljerelatert verksemd, arbeider UiS med å kunne tilby eit masterprogram i brønn og boring. Nyleg har UiS oppretta ein ny bachelor i matematikk og fysikk, og kjem til å følgje opp med ein master i same fag.

– Samfunnet treng fleire fysikarar og matematikarar. Utfordringane i energisektoren krev kompliserte teknologiske løysingar. Våre studentar skal lære seg evna til å skape nytt, slik at dei kan vere med på å utvikle dei nyvinningane som trengst i
framtida, seier Mikkelsen.

Tekst: Karen Anne Okstad
Foto: Elisabeth Tonnessen


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (16.12.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Direktør i Oljedirektoratet Bente Nyland, i midten, flankert av UiS-rektor Aslaug Mikkelsen (t.v.) og IRIS-sjef Anna Aabø (t.h.). Foto: Elisabeth Tønnessen
NYTENKING: Dei skulle gjerne sett at regjeringa gav meir pengar til petroleumsforsking. Sjefane på Ullandhaug er likevel optimistiske med tanke på å møte utfordringane i petroleumsindustrien. UiS-rektor Aslaug Mikkelsen (t.v.), direktør i Oljedirektoratet Bente Nyland og IRIS-sjef Anna Aabø (t.h.).
Forside Åm-rapport.
Åm-rapporten

Utvinningsutvalget, det såkalte Åmutvalget, ble opprettet i februar 2010 med Knut Åm som leder. Utvalget skulle foreslå tiltak som kan føre til at en større del av petroleumsressursene i eksisterende felt blir utnyttet. Utvalget konkluderer med at flere store oljefelt kan bli stengt til tross for at halvparten av verdiene fortsatt ligger igjen i reservoarene. Med riktige tiltak er det fortsatt mulig å hente ut svære ekstrainntekter. Men ifølge utvalget er det avgjørende at man setter inn tiltak raskt, ellers vil disse verdiene gå tapt.
Når det gjelder forskning og utvikling, har utvalgets flertall følgende forslag:
• Myndighetene må stimulere til økt rekruttering til realfag og naturvitenskapelig utdannelse.
• Forutsigbar og langsiktig finansiering må til for at studenter skal interessere seg for petroleumsfag og for at universitetene skal utdanne nok arbeidskraft på dette området.
• Myndighetene bør styrke eksisterende ordninger som Demo2000 for å få i gang flere pilotprosjekter.
• Forskningsprogrammet Petromaks må styrkes kraftig.
• Myndighetene må støtte kompetansesentre som bidrar til økt utvinning og eventuelt opprette nye slike sentre. Disse må få direkte støtte fra Olje- og energidepartementet eller gjennom en prioritering av departementets årlige tildelinger til Forskningsrådet
.
Rapporten ble overlevert olje- og energiminister Terje Riis-Johansen i september. Under overrekkelsen sa statsråden at økt utvinning på norsk sokkel blir et viktig tema i den kommende oljemeldingen.

OG21: Ny teknologistrategi
OG21 (Olje- og gass i det 21. århundre) skal sikre en effektiv og miljøvennlig verdiskaping fra norske olje- og gassressurser gjennom et samordnet engasjement i petroleumsklyngen innenfor utdanning, forskning, utvikling, demonstrasjon og kommersialisering. Tidligere i år la OG21-styret fram sin reviderte nasjonale teknologistrategi for olje og gass. Denne skal være retningsgivende for næringen og myndighetenes samlede teknologi- og forskningsinnsats. OG21 anbefaler bl.a. at det gis minst 600–800 millioner kroner i året i offentlig støtte til FoU innen olje og gass.