Narkotikapolitikk på tvers av land


Måndag 22. november arrangerer Programområdet for samfunnsvitskapleg rusforsking og Høgskole- og universitetssosialkontoret (HUSK) i Stavangerregionen seminar om narkotikapolitikken i Nederland, Sverige og Norge.

- Under seminaret får vi mellom anna presentert det viktigaste som er gjort på dette feltet i Norge. Sekretær for Stoltenbergutvalet sin rapport om narkotika, Kari Grette, vil legge fram resultata frå rapporten som no er på høyring, fortel fyrsteamanuensis Hildegunn Sagvaag ved Institutt for helsefag på UiS.

- Tema for seminaret er ulike strategiar for narkotikapolitikken og kva erfaringar ein har med den politikken ein vel. Har Norge noko å lære av erfaringar frå andre land og har me noko å læra bort?, seier Sagvaag.

Seminaret har fått tittelen ”Politics in the Making - Present changes in Dutch, Swedish and Norwegian drug policy”. Blant føredragsholdarane er den nederlandske prosessoren Henk Garretsen, som leiar eit regjeringsoppnemnt utval om kva politikk Nederland skal ha framover.

Den svenske professoren Bengt Svensson skal analysera den internasjonale narkotikapolitiske debatten på oppdrag frå det svenske sosialdepartementet. Den norske foredragshaldaren er forskingssjef Svanaug Fjær på IRIS, som er oppteken av forholdet mellom fag og politikk.

Målgruppa for seminaret er brukarar, studentar, fagfolk, forskarar og politikarar.

Seminaret er i Kjell Arholms hus, auditorium 3, måndag den 22. november frå klokka 13.30 til 17.30

Seminaret er opent for alle.

Sjå heile programmet

 


Sist oppdatert av Silje Stangeland (18.11.2010)

Skriv ut artikkel print symbol