Rogalandsk musikk i bok og på plate


Ingebrigt Bjelland har samla mange års musikktradisjonar i ein ny bok og på cd.

”Folkeleg musikk i Rogaland” er eit omfattande prosjekt som inneheld ei bok med notar til alle songane. Saman med boka blir det også gitt ut cd-ar med innspelte versjonar av songane. På denne måten er ein viktig del av Rogaland sin musikktradisjon dokumentert og løfta fram.

Dei 64 låtane er komponerte i ein hundreårsperiode, frå siste del av 1880-talet og fram til rundt 1980. Alle melodiane har lett spelbar klaversats. Instrumentalmusikken er i tillegg tilrettelagd for samspel etter folkeleg tradisjon. , som er aktiv pensjonist ved Universitetet i Stavanger, har også lagt ned mykje arbeid i å skriva kjeldetilvisingar til alle melodiane. Desse er oversette til engelsk, spesielt med tanke på utvandrarmiljø i USA.

Redda frå gløymeboka
- Mesteparten av songane har hittil ikkje vore skrivne ned. Eg fryktar at dei elles kunne gått i gløymeboka, seier Bjelland.

Han håper at boka og cd-ane vil vera til glede for skuler, lag og foreiningar og for alle som er opptekne av lokale musikktradisjonar.

Ingebrigt Bjelland har vore lektor ved noverande UiS. Han starta sin pedagogiske karriere som allmennlærar på barnetrinnet i grunnskulen. Deretter var han musikklærar i ungdomsskule, realskule og gymnas. Den aller lengste undervisningsperioden har han hatt ved UiS.

Bjelland var i ei årrekkje timelærar ved det som i dag er Institutt for musikk og dans i Bjergsted, der han underviste i høyrelære. Vidare har han undervist i musikkskulen. Elles har han halde ei rekkje kurs, både i friundervisninga og UiS sin regi. Han praktiserer også som hyggepianist.


Sist oppdatert av (22.10.2010)

Skriv ut artikkel print symbol