Likeverdig opplæring i praksis


Fagfolk som arbeider med språklege minoritetar i barnehage, skule og vaksenopplæring, deltek torsdag 9. september på ei utdanningskonferanse om erfaringar og resultat frå arbeidet med strategiplanen "Likeverdig opplæring i praksis!"

Det er Utdanningsdirektoratet , NAFO, Fylkesmannen i Rogaland , Rogaland fylkeskommune, skole- og barnehageeigarar i Rogaland og Universitetet i Stavanger som har skipa til konferansen. Den er flytta frå UiS til Stavanger Forum på grunn av stor påmelding.

Satsinga for betre læring og større deltaking av språklege minoritetar i barnehage, skole og utdanning 2007-2010 går mot slutten. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) skal arrangere fire regionkonferansar, og konferansen i Stavanger er ein av desse. På konferansen blir det lagt vekt på den gode praksisen og dei ulike læringsressursane som er utvikla i samband med arbeidet med planen.
 


Sist oppdatert av (08.09.2010)

Skriv ut artikkel print symbol