Oskeskyer på Solakonferansen


14.-15. september er det igjen tid for den årlege Solakonferansen. Vulkanutbrotet på Island og oskeskyer blir ein viktig del av programmet på den skandinaviske luftfartskonferansen.

– Solakonferansen er oppteken av å vere dagsaktuell. Difor har me i årets program prioritert å få plass til problematikken rundt oskeskyene på Island. Me vil prøve å få fram ulike synspunkt på handtering og konsekvensar av oskeskyene, fortel leiar i konferansekomiteen og UiS-professor, Karina Aase.

Samarbeidsavtale med UiS

Solakonferansen blei arrangert for første gong i 1987, og har gjennom 23 år blitt ein av dei viktigaste møteplassane for dei som er opptekne av sikkerheit, kvalitet og miljø innan alle delar av luftfarten. I vår inngjekk Stiftelsen Solakonferansen ein samarbeidsavtale med Universitetet i Stavanger.

– Me har hatt eit uformelt samarbeid over fleire år, men no er dette formalisert. Dette er svært viktig for UiS som eit universitet med nærleik til regionen. Det er viktig med formidlingsarbeid òg utanom akademiske fora, seier Aase.

UiS har i år for første gang eit eige forskingsseminar på Solakonferansen. Dette gjer at heile programmet blir utvida med ein halv dag, utan at prisen blir høgare. Ein liten bonus, med andre ord.

Besøk frå New Zealand

Opningsforedraget på konferansen blir ved statsråd Magnhild Meltveit Kleppa. Blant dei mange forelesarane på programmet finn me òg UiS-professor Oluf Langhelle, som skal snakke om berekraftig og samfunnsnyttig luftfart. Interessant trur òg Karina Aase det blir å høyre Peter Williams, som kjem frå havarikommisjonen på New Zealand.

– New Zealand høyres kanskje litt eksotisk ut, men dette landet kan ein samanlikne med Noreg på mange måtar. Størrelsen er lik, det har fjell og fjordar og utfordrande værforhold. Dei har òg same type luftfartsverksemd, seier Aase.

For nokre år sidan starta New Zealand ein snuoperasjon for å betre tryggleiken for innanlandshelikopter. Dette kan vere av interesse for Noreg som òg har utfordringar med fleire ulukker med innanlands helikopter enn for offshore helikopter og sivil luftfart.

Sjå heile programmet


Sist oppdatert av (14.09.2010)

Skriv ut artikkel print symbol