Set pris på å bli orientert


Det er ikkje berre berre å kome til Noreg frå den andre sida av planeten. Denne veka har 300 utanlandske studentar fått vaksine mot kultursjokk på Orientation Week.

Korleis fungerer ting på Universitetet i Stavanger? Kva må ein gjere for å få ein bankkonto i Noreg? Og kva for ein buss går til sentrum?

Spørsmåla er mange når du som ung student kjem til Noreg, og kanskje Europa, for første gong. Difor tilbyr UiS ei hel veke med presentasjonar, omvisingar, turar og sosiale aktivitetar for dei internasjonale studentane.

Dyrt på byen
Eit av dei mest populære kursa handlar om eit tema som kan skremma den modigaste utlending: Korleis ein kan overleve det norske prisnivået.

Mange av studentane er kanskje velståande heime, og i Noreg er sjølve utdanninga gratis. Likevel er det ingen tvil om at dei kjem til eit av verdas aller dyraste land å leve i. Difor er salen spent når rådgjevar Bjarte Hoem i Utdanningsavdelinga startar kurset ”How to make your money last!”

Han viser grafar som illustrerar at forskjellane i realinntekt mellom ulike grupper er relativt små i det norske samfunnet. Når kelnerar og drosjesjåførar skal ha ei anstendig løn, blir det relativt dyrt å gå på byen – sjølv for foredragshaldaren.

Små slurkar øl
– Eg tek nesten aldri drosje. Og viss eg ikkje har råd til å ta taxi, har ikkje dykk studentar det heller, seier Hoem.

Han forklarar norske alkoholprisar, som igjen forklarar vår tradisjon med ”vorspiel”. Studentane ler når dei blir bede om å drikke halvliteren på byen i små slurkar, fordi dei berre har råd til ein.

Hoem fortel at studentane må lage si eiga brødskive eller lunsjsalat heime, i staden for å leve på kantinemat. Han viser korleis dei kan finne ein sykkel billig på Finn, handle rimeleg hybelpynt på Ikea og gjere varp på brukte designarklede hos Fretex.

Gode tips
Yahya Januarilham og Whida Elastu er frå Indonesia og skal studere offshoreteknologi. Dei fekk stor nytte av foredraget.

– Ting kostar 4-5 gonger meir i Noreg enn heime. Me vona å få konkrete tips om kvar ein kan kjøpe ting billig, og det fekk me heldigvis. Å lage si eiga mat blir ikkje noko problem, det likar vi å gjere heime òg. Men vi er ikkje vande å ta med eiga drikke når ein blir bedt på fest, seier indonesiarane.

Foredragshaldar Bjarte Hoem har fått mange bevis for at informasjonen frå kurset glir inn.

– Når eg handlar på Madla Amfi eller Obs!, møter eg stadig på utanlandske studentar. Dei held triumferande opp varene sine for å vise at dei har lært å gjere fornuftige innkjøp, seier Hoem med eit smil.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (13.08.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Foto av to indonesiske studentar ved eit bord i kantina.
Teknologistudentane Whida Elastu og Yahya Januarilham er nøgde med mottakinga dei har fått som utanlandske studentar.
Foto av Bjarte Hoem, som peiker på eit søylediagram i ulike farger.
Bjarte Hoem i Utdanningsavdelinga illustrerar dei små lønsforskjellane i Noreg.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER