Meir forsking på Parkinson og kreft


Centre for Organelle Research ved UiS og Nasjonalt kompetansesenter for bevegelsesforstyrrelser ved Stavanger Universitetssjukehus har fått 943.000 kroner frå Folke Hermansen-fondet til vidare forsking på samanhengen mellom Parkinson's sjukdom og kreft. I prosjektet skal det mellom anna forskast på sebrafisk.

Pengestøtta som no kjem går gjennom Stavanger Helseforsking og prosjekta er knytt til CORE og Nasjonalt kompetansesenter for bevegelsesforstyrrelser (NKB) ved Stavanger Universitetssjukehus.

Pengane skal gå til tilsetting av ein postdok i eit år og til innkjøp av fasilitetar for zebrafisk.

- Denne støtta er heilt essensiell for å halde trykket på den forskinga vi gjer saman med SUS, seier professor Simon G. Møller.

Levande og døde celler
Planter, zebrafisk og hjerneceller frå menneske skal studerast for å finne årsakene til Parkinsons sjukdom. Forskarar over heile verda prøver å løyse Parkinsons-gåta. Det spesielle med CORE og NKB sine prosjekt, er at dei skal forske på både menneske, fisk og plantar.

Hjernevev frå menneske og zebrafisk, pluss testplantar som har Parkinson's sjukdom, skal analyserast. Saman med sine forskarkollegaer skal Møller dermed forske på celler som døyr og celler som overlever.

- Det er spennande å sjå på forholdet mellom nevrodegenerative sjukdomar og kreft. Kreft handlar om celler som overlever, medan nevrodegenerative sjukdomar, som Parkinson, handlar om celler som døyr. No skal vi forske på korleis desse prosessane kan påverke kvarandre, seier Møller.

Regional fasilitet
Postdok-stillinga og vanntankane og vekstkammera til zebrafisken skal plasserast i CORE sine lokaler i Måltidets Hus.

- Utstyret til forsking på zebrafisk skal vere ein regional fasilitet som andre forskarar også skal kunne bruke, fortel Møller.

Tidlegare i år fekk CORE, saman med SUS, fem millionar kroner til forsking på Parkinson frå Helse Vest.

Centre for organelle research (CORE) er eit forskingssenter ved Universitetet i Stavanger med over 30 tilsette. Senteret sitt mål er å auke forståinga for kva slags funksjon organellane har i celler.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (16.04.2013)

Skriv ut artikkel print symbol
Sebrafisk
Forskarar ved UiS og SUS brukar sebrafisk i si forsking på samanhengen mellom Parkinson og kreft. Det er hjernevevet til sebrafisken som interesserar forskarane. (Foto: © Dries Knapen, www.focusonnature.be)

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER