Fagbokstafetten: Arv/miljø


Fjernsynsserien "Hjernevask" har bidratt til heftig debatt om arv og miljø. Erik Fossåskaret anbefaler en liten bok som kan berike debatten med alternative og overraskende synsvinkler fra sosiologien. Han overtar stafettpinnen fra Ingerid Bø i UiS Alumni og UBiS sin fagbokstafett.

I mine første år som sosiolog fall det seg slik ved nokre høve at eg var i eksamenskommisjon med ein av nestorane i norsk sosiologi, professor Vilhelm Aubert (1922 – 1988). Til munnleg eksaminasjon stilte han gjerne eit nøkkelspørsmål til grunnfagskandidatane: ”Kva er det særleg sosiologisk interessante ved sosiale fenomen? Kva perspektiv er det som styrer sosiologen, ulikt andre samfunnsvitarar, i studier av samfunnet?” Nærast ”rett” svar kom dei studentane som kunne vise til at det sosiologiske blikket særleg søkjer ”Det relasjonelle og det prosessuelle.” Sosiologi er læra om korleis folk opptrer i møte med kvarandre; om dei kreftene som held ved like samhandling og dei som skaper endring. 

Fjernsynsserien ”Hjernevask”, og debatten i framhald av programma, presenterer eit lett karikert bilete av aktuell sosiologi. Men truleg vil diskusjonane fornye interesse for både biologi og sosiologi – og for samspelet mellom arv og miljø. Kva bilete aktuelle debattar enn måte gi, er evna til ikkje å verte redd og sinna, men snarare å vise interesse, i møte med alternative synsmåtar og standspunkt, eit grunnelement i opplæringa til sosiolog.

Den som vil fornye sitt sentrale sosiologiske kunnskapsgrunnlag, og sjonglere i jobb- og vennemiljø med det rike tilfanget av alternative og overraskande synsmåtar faget tilbyr, vil ha stor glede av å lese Pål Repstad si vesle ”Hva er sosiologi”, i Universitetsforlagets ”hva er ….”- serie. På 150 små og lett leselege sider, med tidvis lun slentrande undertone av humor, presenterer Repstad sosiologiens mange retningar. Konkurrerande og supplerande perspektiv møtest i felles interesse for korleis menneska skaper samfunn, og korleis samfunnordningar er med og formar menneskes val i liv og lagnad. I slike drøftingar har sosiologen måtta lene seg til bidrag frå andre fag. Sosiologar kan seie noko om alt, men ikkje alt om noko. 

Sosiologi er ein forskingsdisiplin. Men både i metodelære og i teoretiske slutningar er faget, slik Repstad presenterer det, ei kjelde å ause av for den som søkjer ny, gjerne overraskande, innsikt i det nære dagleglivets sosiale samanhengar.

UiS har ein visjon om å ”utforske det ukjente og utfordre det velkjente”. Sosiologar kjenner seg gjerne sterkast inspirert av oppdragets andre ledd. Repstad minner om at sosiologien søkjer bak fasaden og sjølvpresentasjonen.

Sosiologen vil smile diskret, men fornøyd dersom han finner ritualer i et religiøst samfunn som er stiftet for å bekjempe død ritualisme, avdekker prestisjekamp mellom asketiske munker med uselviske idealer, eller sporer fanatisme i en organisasjon for fritenkere (Side 16-17).

Det sosiologiske oppdraget er å oppdra til skjerpa interesse for alternative perspektiv. Også sosiologar er likevel barn av si tid. Sosiologiske klassikarar som Durkheim og Weber fan det ”naturleg” at kvinner heldt seg i det private. Kvinner assosierte til biologi og kjensler, menn til fornuft. Etterkrigssosiologen Parsons utvikla vidløftige analysar på grunnlag av kvinners omsorgsinstinkt.

Men Repstad viser og til at i klassiske diskusjonar om vekting av arv og miljø, stemmer sosiologane gjerne for å gi miljø sterkare forklaringskraft. Dét har i det alt vesentlege verka frigjerande; rokka ved det mange meinte var kunnskapsgrunnlaget for marginalisering og undertrykking. Eigenskapar og handlingsrammer som tidlegare var rekna for medfødde eller Gud-givne, fekk status som menneskeskapte. I deler av Norge er det fyrst dei siste par – tre generasjonane at kvinner kan sleppe å stå til rette for opprør mot Skaparverket når dei klipper håret og går i langbukser. Biologane kan forklare kvifor menn jamt over er kroppsleg sterkare enn kvinner. Men det var i inspirasjon frå sosiologien at redaksjonen i 1970-talets feministtidsskrift ”Sirene” frigjerande observerte at ”heller ikke menn løfter 3 tonn uten kran.”

 

Erik Fossåskaret er førsteamenuensis ved Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag. Han utfordrer Alice Kjellevold, førsteamenuensis ved Institutt for helsefag, til å være neste ut i fagbokstafetten.

 

Boken finnes hos biblioteket:

Hva er sosiologi? - Pål Repstad

 

Se tidligere bidrag i stafetten:


Sist oppdatert av (12.04.2010)

Skriv ut artikkel print symbol