Vellukka nettmøte hos Aftenbladet


Representantar for UiS fekk mange interessante spørsmål i dagens nettmøte på aftenbladet.no. No kan du lese svara dei gav til studiesøkjarane.

For andre år på rad stilte UiS opp til nettmøte i Stavanger Aftenblad. I to timar svara leiar ved Opptakskontoret, Lene Hettervik, studierettleiar Ragnhild Scheen og kommunikasjonsrådgjevar Hildegard Nortvedt på spørsmål.

Sjå spørsmål og svar her.

Både studietilbodet og retningsliner kan forandre seg frå det eine året til det andre. I år er det mellom anna innført eit nytt system for korleis du søkjer grunnstudium gjennom Samordna opptak. No må du registrere deg med MinID, noko som krevjer PIN-kodar.

Kanskje har du fått PIN-koder frå Skatteetaten tidlegare. Dei vil også være gyldige i din SO-søknad. Men dersom du ikkje har PIN-kodar bør du bestille no, sidan det tar 1-5 virkedagar før du får kodebrevet i posten.

Fristen for å søkje studieplass i Samordna opptak er 15. april. Her er studietilbodet ved UiS.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (08.04.2010)

Skriv ut artikkel print symbol