Minnestund på campus


Universitetet i Stavanger fekk onsdag kveld den triste bodskapen om at ein av studentane har gått bort.

Den døde studenten var ei kvinne som gjekk første året på bachelor i sjukepleie.

Det skal haldast ei minnestund i Kjell Arholms hus klokka 14 i dag. Universitetet vil flagge på halv stang mens minnestunda går føre seg.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (26.03.2010)

Skriv ut artikkel print symbol