Regionalt forskingsfond Vestlandet


Regionale forskingsfond er ei ny satsing frå 2010 som skal styrke utvikling og innovasjon på Vestlandet ved å stø opp under regionalt prioriterte forskingstema. Regionalt forskingsfond Vestlandet planlegg ei første utlysing 21. april 2010 med søknadsfrist 2. juni 2010.

Om Regionalt forskingsfond Vestlandet
Regionale forskingsfond er ei ny satsing frå 2010 som skal styrke utvikling og innovasjon på Vestlandet ved å stø opp under regionalt prioriterte forskingstema. Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune er saman om fondet. Ei felles fylkestingssak hausten 2009 bestemte viktige forskingstema. Desse er lagt til grunn for styret sitt arbeid med handlingsplan og utlysing av midlar.

Ordninga med regionale forskingsfond vert utvikla i nært samarbeid med Noregs forskingsråd.

Forventa tidsplan
Regionalt forskingsfond Vestlandet planlegg ei første utlysing 21. april 2010 med søknadsfrist 2. juni 2010. Søknadene vil bli behandla i styremøte 28 september 2010.

Forventa tema for utlysing i 2010
Regionalt forskingsfond Vestlandet arbeider i 2010 med utlysing innan desse områda (under føresetnad av godkjenning i styremøte 16 april 2010):

A – Bærekraftig matproduksjon – grøn og marin sektor. Forprosjekt innan fleire deltema. Forskingsmidlar til a) dyrefor, dyresjukdom, plantesjukdom og b) råvarekvalitet og nye produksjonsprosessar.

B – Energi og maritim sektor. Forprosjekt innan fleire deltema. Forskingsmidlar til a) energieffektivisering og b) teknologi for marin miljøovervaking og c) offshore wind.

C – Offentlege utviklingsprosjekt. Forprosjekt innan fleire deltema. Forskingsmildar innan a) offentleg regionalt arbeid med næringsutvikling og omstilling b) regional verknad av store offentlege reformer og c) ny kunnskap om lokal/regional integrering av minoritetsgruppe i Vestnorske lokalsamfunn. .

Informasjonsmøte
Regionalt forskingsfond Vestlandet arrangerer informasjonsmøte:
Fredag 16. april kl 09.30 – 12.00 på Clarion Hotel Bergen Airport. Møtet er ope for alle interesserte.

Påmelding innan onsdag 7. april på www.hordaland.no/forskingsstrategi . Ytterligare informasjon kan ein få ved å vende seg til sekretariatsleiar Jone Engelsvold, jone.engelsvold@post.hfk.no tlf 55 23 93 25, eller ved kontakt med forskingsrådets representantar i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Kort om økonomiske rammer og søknadsprosedyre
Styret for Regionalt forskingsfond legg i 2010 opp til ei utlysing av 25 millionar kroner til prosjekt innan dei ovanfor nemnte tema. Det skal nyttast søknadsordningane Regional kvalifiseringsstønad (forprosjekt), Regionale bedriftsprosjekt og Regionale offentlege prosjekt. Dei to sistnemnte ordningane følgjer i hovudsak Forskingsrådet sitt regelverk for Brukarstyrde innovasjonsprosjekt (BIP) m.a. for reglar om eigenfinansiering og ekspertpanelvurdering.

Alle søknader skal leverast via Forskingsrådet sitt e- søknadssystem på nettsida www.regionaleforskningsfond.no/Vestlandet- som er klar i april.
 


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (26.03.2010)

Skriv ut artikkel print symbol