Parkinsons-forsking på menneske, planter og zebrafisk


Stavanger universitetssjukehus (SUS) har sammen med Centre for organelle research (CORE) ved UiS fått fem millionar kroner til to nye forskingsprosjekt. Planter, zebrafisk og hjerneceller frå menneske skal studeras for å finne årsakene til Parkinsons sjukdom.

Halvparten av dei fem millionane kjem i form av eit postdoc-stipend for tre år. Resten skal dekkje kostnadane til konkrete prosjekt som skal gå over fem år.

Forskarar frå CORE og Stavanger universitetssjukehus (SUS) skal arbeide saman for å undersøkje proteinsamansettingar i celler som er påverka av Parkinsons. Sentrale spørsmål er: Kvifor døyr cellene? Og viss ein finn svaret på det – kan ein då bruke denne kunnskapen til å utvikle nye markørar for sjukdomen?

I så fall vil medisinarane kunne stille diagnosen – og dermed gripe inn – tidlegare i sjukdomsutviklinga.

Zebrafisk
Forskarar over heile verda prøver å løyse Parkinsons-gåta. Det spesielle med CORE sine prosjekt, er at dei skal forske på både menneske, fisk og plantar. Hjernevev frå menneske og zebrafisk, pluss testplantar som får Parkinsons-celler poda inn i seg, skal analyseras.

– Vi skal krysse forskingsdata frå disse tre emna og sjå om vi finn nokre fellestrekk. Ingen har forsøkt å gjere det på denne måten tidlegare, seier professor Simon G. Møller.

Vi er i Måltidets hus på universitetsområdet, der CORE nyleg flytta inn. Møller tar oss med til et lite rom utan vindauge. Der finn vi stipendiaten Benny Bjørkblom og to av verktøya hans: eit konfokalmikroskop og ein widescreen-pc.

Sjuke cellar
Skjermen viser bilete av celler som er tatt med mikroskopet. Bjørkblom har sett inn materialet med eit stoff som sørgjer for at ulike deler av cellene får ulike farger. Dette gjer det enklare å analysere de sjuke cellene. I dette tilfellet har han farga kjernane blå, parkinsonsproteinet grønt og mitokondriet raudt.

– På den måten kan eg sjå på proteina og studere korleis dei oppfører seg, seier den finske stipendiaten.

– Vi forsøkjer å analysere dei molekylære mekanismane når sjukdom oppstår, for å sjå om dei kan endras. Viss vi klarer å løyse gåta om kvifor nervecellene døyr, kan vi også prøve å forhindre at det skjer, seier Bjørkblom.

Midlar frå Helse Vest
Pengane, som kjem frå Helse Vest, går til Nasjonalt kompetansesenter for bevegelsesforstyrrelser (NKB) ved Stavanger Universitetssjukehus. Dei to prosjekta skal utføres ved CORE og NKB. Simon Møller seier at prosjektstøtta frå Helse Vest er viktig for CORE.

– Det er viktig å byggje kritisk masse innan forsking på nevrodegenerative sjukdomar. Med dette har vi vist at vi klarer å trekkje til oss midlar frå Helse Vest. Dette vil kunne bli eit springbrett for meir støtte, både frå Helse Vest, EU og andre institusjonar, seier Simon G. Møller.

– Samtidig er desse prosjekta ei kraftig fundamentering av samarbeidet mellom CORE og Universitetssjukehuset. Eg er i tillegg veldig glad for at vi gjennom dette prosjektet sikrar oss ein særs dyktig postdoc i Benny Bjørkblom.

Centre for organelle research (CORE) er eit forskingssenter ved Universitetet i Stavanger med over 30 tilsette. Senteret sitt mål er å auke forståinga for kva slags funksjon organellane har i celler.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (16.04.2013)

Skriv ut artikkel print symbol