Nytt studium i berekraftig energi


Til hausten startar Universitetet i Stavanger eit masterprogram i berekraftig energi. Studentane som får plass på det nye studiet, vil mellom anna få tilgang til unike testfasilitetar.

– UiS er velkjend for sine petroleumsretta studium. Kva har ”oljeuniversitetet” å tilby når det gjeld berekraftig energi?

– Dette er en brei master, som vil omhandle både biogass, vind, vann, sol og biobrensel, understreker professor Mohsen Assadi. Han er ein av forelesarane på det nye studieprogrammet.

– Samtidig skal studiet dreie seg om korleis ein kan kombinere fornybare og ikkje-fornybare energikjelder. Dei som tek denne masteren vil kunne jobbe både i petroleumsindustrien, energiselskap eller offentlege etatar, seier Assadi.

Unikt testsenter
Dei som skal studere berekraftig energi i Stavanger vil kunne nytte eit testsenter som er unikt i verda. Risavika Gas Centre får naturgass direkte inn frå Nordsjøen. Det inneber ei mengd og eit høgtrykk som ikkje finst nokon annan stad.

Dette vil vere nyttig for fleire studentar enn dei som vel å spesialisere seg på gass. Turbinteknologi kan koplast til mange energikjelder og utprøving av ulike teknologiar og metodar. Varmeutnytting, brenselsceller og blanding av natur- og biogass er nokre døme.

– Her ligg det til rette for mange spennande masteroppgåver, seier Ole Andreas Songe-Møller. Han er leiar på Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi, som står bak nysatsinga.

Ulik bakgrunn
Masterprogrammet er ope for studentar med ulik bakgrunn. Alle som har tatt bachelor i petroleum, maskin, prosessteknologi, energi, VVS eller liknande, kan søkje om plass.

(Artikkel publisert 10.03.10)


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (20.03.2015)

Skriv ut artikkel print symbol